Hopp til innhold

Skogbrannen i Førde er sløkt

Brannvesenet i Førde har fått kontroll over skogbrannen i Bjørkedalen. Dei driv no med ettersløkking på staden.

Skogbrann i Bjørkedalen
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Eit mellom 20 og 30 mål stort utmarksområde er svidd av i lia ovanfor den vesle bygda Bjørkedal ved Førdefjorden.

Bråtebrenning er årsaka til at det begynte å brenne.

Brannvesenet sleit lenge med å få kontroll over brannen på grunn av ulendt terreng og sterk vind. Brannmannskapa måtte og ha hjelp av sivilforsvaret.

Overbefal i Førde brannvesen, Morten Engebø, opplyste i 19.30-tida at manskap frå sivilforsvaret ville drive ettersløkking ein times tid.

Det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg til hus eller bygningar, seier Engebø.

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 15.13 laurdag.  

Skogbrann i Bjørkedalen.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK