Styreleiar Heidi Kathrin Osland seier det likevel ikkje var kjeft å få frå ministeren i dag.
– Det var eit godt og interessant møte, med gode diskusjonar mellom dei ulike institusjonane. Eg ser vi står langt frå kvarandre, men tonen er god og det er bra, seier ho.
- Les også:
- Les også:
Står langt frå kvarandre
Presset på å slå seg saman veks for kvar dag som går, men problemet på Vestlandet har til no vore at dei ulike utdanningsinstitusjonane har svært ulike ønskjer:
- Høgskulen i Ålesund ønskjer samanslåing med NTNU.
- Molde ønskjer sjølvstende.
- Høgskulen i Volda ønskjer samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
- Høgskulen i Bergen ønskjer samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Volda og Stord.
- Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å stå åleine.
Osland trur at kunnskapsministeren vil få ei krevjande oppgåve med å finne ei felles løysing, når institusjonane står så langt frå kvarandre.
– Det blir Isaksen si oppgåve denne gongen, seier Osland.
Har ikkje fått aksept for sjølvstendelinja
Ho seier dei kom for å lytte, og at kunnskapsministeren ønskjer dialog.
– Vi fekk framført tankane om korleis vi ser på samarbeid og utviklingane av utdanningane vidare, seier Osland.
Men det betyr ikkje at dei har fått aksept for synspunktet at greier seg best som åleine.
–Vi har ikkje fått aksept for noko, men det vi eg er glad for i dag, er at statsråden vil ha ein dialog med oss på kva vi meiner er krevjande med ein fusjon, seier styreleiaren.