Skeptisk til fotballhall

Prosjektleiar for den nye Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad, er skeptisk til å byggje ein ny, stor regional fotballhall på Skei. Han meiner ein slik hall hadde hatt større verdi om den vart bygt i Førde. Men han går likevel inn for at fellesnemnda søkjer såkalla interkommunale spelemidlar til hallen. Men Østenstad stiller krav om at Jølster kommune først må få hallen inn i ein godkjend økonomiplan. I det er ikkje hallen med i denne planen.

Ole John Østenstad
Foto: Guro Kvalnes / NRK