Hopp til innhold

Skaut mot skuleklasse

Ein 22 år gammal mann er meld til politiet etter han tysdag skaut med luftgevær mot ein skuleklasse som var på tur til Hornindal.

- Ein elev vart seint tysdag kveld treft av eit skot, seier lensmann Inger Lill Hansen i Stryn.

Eleven har synlege merke etter prosjektilet, men er likevel i fin form i dag, opplyser politiet.

22-åringen vedgår at han har skote mot elevane, og politiet vil gjennomføre avhøyr i løpet av dagen.

 

Oppsøkt av lokal gjeng

Skuleklassen med 23 elevar frå ein 10. klasse ved Ulsteinvik ungdomsskule er på avslutningstur til Nordfjord. Ein lokal gjeng skal ha oppsøkt elevane fleire gonger under turen. Og ved Grodås camping skaut altså ein mann mot skuleklassen med eit luftgevær. Lensmann Inger Lill Hansen seier eleven til alt hell ikkje fekk store skader.

- Det oppstod munnhoggeri då ein bil med lokale umgdommar oppsøkte campingplassen. Det enda med at det  vart truga med eit luftgevær, og ein person i bilen avfyrte eit skot som trefte ein av elevane i hofta.

- Svært dramatisk

Lærar for klassen, Mary-Ann Brandal, seier elevane opplevde hendinga som svært dramatisk, men vil utover det ikkje gje nokon kommentar. Lensmannen seier dei vil gjennomføre avhøyr i løpet av dagen. Politiet vil også sjå om dei kan gjere andre ting for at personen ikkje skal oppsøkje klassen på nytt.

- Det kan vere aktuelt å inndra bilen og førarkortet til vedkomande, seier lensmann Inger Lill Hansen.