Skattelistene: Han er den einaste milliardæren i Sogn og Fjordane

Lakseoppdrettar Ola Braanaas er den suverent rikaste i Sogn og Fjordane. No er han ifølgje skattelistene god for meir enn ein milliard kroner.

Ola Braanaas

DEN FØRSTE: Firda Seafood-gründer og eineeigar Ola Braanaas er den første milliardæren nokosinne i Sogn og Fjordane.

Foto: Firda Sjøfarmer

I dag kom skattelistene frå 2018 ut. Dei visar at oppdrettsgründer Ola Braanaas har dobla formuen og at han no er den einaste milliardæren i Sogn og Fjordane – med ein personformue på 1.008.041.458 kronar.

– Eg er på forretningsreise i Kuala Lumpur, er trøytt og sliten og vil heim til familien. Utover det har eg ingen kommentar til saka, seier Firda Seafood-gründer Ola Braanaas til NRK.

Førre gong han toppa formuestoppen i fylket var i 2017. I fjor vart han forbipassert av søskenparet og stryningane Malin og Tom Roksvåg.

Braanaas er også kjend for kjøpet av den omstridde Kong Olav-statuen, som står i Skjerjehamn. Hamna har vorte til eit hotell- og konferansesenter ved porten av Sogn og Fjordane.

Ein av dei som jublar over skattelistene for 2018 er ordførar Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen.

– Det er veldig bra. Eg er glad for at me har eit næringsliv her som gjer at folk kan få utvikle seg og tene pengar, seier han.

På listetoppen står også skipper og tidlegare reiar Roy Inge Larsen frå Gulen. Han var den som tente mest i Sogn og Fjordane med ei inntekt på over 18 millionar kroner. Oppedal trur ikkje det er tilfeldig at så mange gjer det godt i kommunen.

– Me har vore flinke til å leggje til rette for næringsliv og for fiske og oppdrett spesielt. Så skal ein ikkje leggje skjul på at dei geografiske moglegheitene gjer at det ligg godt til rette for det her, og desse moglegheitene har blitt godt varetatt av gründerar som Braanaas.