Hopp til innhold

Dei rikaste betalte under 1,3 prosent skatt – Mohn betalte fire gongar meir enn Røkke

Trond Mohn hadde i fjor landets høgaste inntekt og den femte største formuen. Han betalte 3,3 prosent av formuen sin i skatt. Det er fire gonger meir enn skattebidraget til Kjell Inge Røkke.

Torpedo siktet for å ha truet Kjel Inge Røkke for milioner

UNDER ÉIN PROSENT: Kjell Inge Røkke er landets rikaste. I 2018 skatta han tilsvarande 0,8 prosent av formuen sin.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Med 443 millionar kroner i inntekt i fjor, tronar forretningsmannen Trond Mohn (76) øvst på den norske inntektstoppen.

I tillegg har han ei formue på nesten 5,7 milliardar kroner, og er dermed nummer fem på formuestoppen i landet.

I heimbyen Bergen er formuen berre slått av sonen Frederik Wilhelm Mohn.

TROND MOHN

SKATTA MEST AV DEI RIKE: Trond Mohn betalte skatt tilsvarande 3,3 prosent av formuen sin i fjor. Ingen andre av dei andre rikaste skatta så mykje.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / NTB Scanpix

Røkke framleis rikast

På landsbasis er det enno Kjell Inge Røkke som sit på den største formuen. I fjor var han registrert med ein formue på 18,6 milliardar kroner.

Noregs ti rikaste har til saman formuar på 64,9 milliardar kroner. I 2018 hadde dei ei samla inntekt på 844 millionar og eit samla skattebidrag på 816 millionar kroner.

Dei ti rikaste betalte altså inntekts- og formueskatt som svarar til 1,26 prosent av den samla formuen deira.

Formuetoppen i Norge 2018 (i millionar kroner)

Navn1

Kommune

Formue

Inntekt

Skatt

KJELL INGE RØKKE

ASKER

18 604,0

-

158,1

FREDERIK WILHELM MOHN

BERGEN

6 554,0

42,1

68,5

MARGARET BOEL GARMANN

OSLO

6 406,2

70,0

75,6

ODD REITAN

TRONDHEIM

6 049,1

5 289,0

53 555,8

TROND MOHN

BERGEN

5 679,6

443,2

187,9

OLE ROBERT REITAN

OSLO

4 661,9

103,3

71,9

MAGNUS REITAN

OSLO

4 609,7

27,9

48,4

IVAR ERIK TOLLEFSEN

BÆRUM

4 241,4

147,3

82,1

ELSE HELENE SUNDT

OSLO

4 133,5

4,7

36,2

JAN HENRIK KREFTING

OSLO

3 958,0

0,5

33,8

Ekspander/minimer faktaboks

... men skatta under éin prosent

Men Trond Mohn er i ei særstilling. I fjor betalte han åleine nesten 188 millionar kroner i skatt. Det tilsvara 3,3 prosent av formuen hans.

Ser ein vekk frå Mohn, betalte dei ni andre på formuestoppen til saman 628 millionar kroner i skatt, tilsvarande 1,1 prosent av den samla formuen deira.

Samanlikna med Røkke skatta Mohn over fire gonger meir i andel av formuen sin. Med landets største formue står Røkke oppført med null i inntekt, og betalte 158 millionar kroner i skatt.

Det utgjer berre 0,8 prosent av Røkke si formue.

Forskingsfartøyet REV

UNDER ÉIN PROSENT: Kjell Inge Røkke er landets rikaste. I 2018 skatta han tilsvarande 0,8 prosent av formuen sin.

Foto: Lise Åserud / NPK

Same tendens i Bergen

Dei 25 rikaste i Bergen hadde i 2018 til saman 28.662 millionar kroner i formue og 758 millionar kroner i inntekt, og betalte 479 millionar kroner i skatt. Samla utgjorde skatten deira altså 1,67 prosent av formuane deira.

Også Mohn sin andel av formuane og skattebetalinga til dei rikaste bergensarane viser at han skatta mykje meir enn dei andre på formuestoppen.

I høve til formuen sin skatta Mohn 2,6 gonger meir enn dei 24 andre på formuestoppen i Bergen, som samla betalte under 1,3 prosent av dei formuane sine. Skatten dei ti rikaste i landet betalte tilsvarte, som skattelistene viser, 97 prosent av dei samla inntektene deira. For dei 25 rikaste i Bergen tilsvarte skatten 63 prosent av inntektene.