– Det er mange gode spelarar. Det er tøff konkurranse og det gler eg meg til. I Bryne vart det lite konkurranse etterkvart. Du må ha litt konkurranse og pushing for å få ut det beste, seier han til NRK.
Sogndølen, som debuterte i 1. divisjon som 17-åring for Sogndal, er på treningssamling på La Manga i Spania med sin nye klubb.
Skartun forlet Bryne etter at klubben rykte ned til 2. divisjon førre sesong. Der scora han 47 mål på 111 kampar.
Tre konkurrentar
Han er budd på å måtte kjempe hardt for å danke ut Kjell Rune Sellin og Kent Håvard Eriksen på topp for rogalendingane.
I tillegg lurer unge Jon Petter Stangeland i bakgrunnen.
– Målet er å jobbe seg inn på laget. Men då må eg score mål og jobbe hardt. Men eg håpar på å kapre ein av plassane, seier han.
Såg spisskonkurrentane score
Laurdag sat han på sidelinja med ein liten skade, då Sandnes Ulf slo Fredrikstad 3-1 i ein treningskamp på La Manga.
Eriksen og Stangeland scora kvart sitt mål. Sellin kom til fleire store sjansar, men fekk ikkje ballen i nota.
– Det er mange gode spelarar i troppen, så det må jobbast knallhardt, seier han.
Sandnes Ulf har som mål å rykke opp til eliteserien denne sesongen. Det trur 28-åringen er ei realistisk målsetting.
– Eg trur det er gode moglegheiter, men i 1. divisjon veit ein aldri kva som skjer, seier han.
Dialog med Sogndal
Skartun trente med Sogndal tidlegare i vinter, utan at det enda opp med eit kontraktstilbod.
– Vi har hatt dialog i fleire år, men timingen har ikkje vore rett. Nokre gonger har det vore rett go dei, og ikkje for meg, og omvendt. Det var same historia i år. Men eg fekk eit treningsopphald som var ganske bra, seier han.
– Trur du at du spelar i svart og kvitt att?
– Ein veit aldri i fotballen. Det får ein berre sjå, smiler han.