NRK Meny
Normal

Senka opprykksrival med straffescoring: – Vi var gode

Sandnes Ulf slo Fredrikstad 3-1 i ein tett og jamn kamp på La Manga i Spania.

Sandnes Ulf-scoring mot Fredrikstad

Kent Håvard Eriksen scora på straffespark mot Fredrikstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi var ikkje heilt klar når kampen byrja, og dei var betre enn oss i starten av kampen. Det var mykje fysikk og lange ballar, men vi klarte å stå imot og fekk spelet i gang i andre omgang. Då var vi ganske gode, seier Sandnes Ulf-trenar Bengt Sæternes til NRK.

Bent Sæternes, Sandnes Ulf

Sandnes Ulf-trenar Bengt Sæternes på sidelinja mot Fredrikstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var østfoldingane som først fekk utteljing. Berre sju minutt ut i kampen sende Moustapha N'Diaye raudtrøyene i leiinga.

– Prøvde å vere tålmodige

Etter scoringa kom Sandnes Ulf til fleire gode sjansar. Kjell Rune Sellin var særs nær utlikning to gonger, men fekk ikkje ballen mellom stengene.

Men rett før pause fekk Sandnes Ulf endeleg hol på byllen då dei ulikna til 1-1.

I andre omgang var det Fredrikstad som kom best i gang. Men Sandnes Ulf heldt unna og trenar Bengt Sæternes fekk etterkvart justert mannskapet sitt.

Siste halvdel av andre omgang var det Sandnes Ulf som styrte det meste.

– Vi prøvde å vere tålmodige og visste at vi kom til å komme til sjansar. Vi visste at vi har gode folk på topp. Vi var bra og hadde trua på eige spel, seier trenaren.

Intervju med Sandnes Ulf-trenar Bengt Sæternes og Vidar Nisja etter treningskampen mot Fredrikstad på La Manga.

Sjå intervju med Sandnes Ulf-trenar Bengt Sæternes og Vidar Nisja.

Vi bli betre i år enn i fjor

Kvarteret før slutt fekk Sandnes Ulf straffespark. Kent Håvard Eriksen gjorde alt rett frå straffemerket og sikra sigeren på La Manga.

Rett før slutt la rogalendingane på til 3-1 ved Petter Stangeland, som også vart sluttresultatet. Det gjorde godt for sjølvtilliten i laget.

– Vi er alltid litt usikkre på denne tida. Vi er bra fysisk og spring mykje. Så må vi få sjølvtillit i laget, så kan dette bli bra, seier Sæternes.

– Vi håpar på å bli betre enn i fjor, og det trur eg vi kan klare. Men det krev mykje og du skal vere på heile sesongen, men vi skal i alle fall prøve, seier trenaren.

Sandnes Ulf-sjanse mot Fredrikstad

Stor sjanse for Sandnes Ulf.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Fantastisk å sjå på han

​Fleire unggutar fekk prøve seg mot Fredrikstad. Blant andre 17 år gamle Eirik Larsson.

– Det var veldig kjekt å komme inn, men eg hadde aldri trudd eg skulle komme inn så tidleg, seier 17-åringen, som får gode skussmål frå trenaren.

– Det er fantastisk å sjå på han. Han har ein fantastisk touch og er med for å lære seg å spele vaksenfotball. Det ser ut til å gå veldig fort. Det er gøy å sjå, seier Sæternes.

Tysdag skal Sandnes Ulf i aksjon igjen på La Manga. Då er Bodø/Glimt motstandar.

Eirik Larsson, Sandnes Ulf

Eirik Larsson (17) fekk speletid mot Fredrikstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK