Hopp til innhold

Fyller berre ein tredel av stadion – nå tar dei grep

Til saman har Eliteserien og Obos-ligaen dei beste tilskodartala på tolv år. Likevel har Obos-ligaen hatt ein nedgang. I Sandnes retter de fokus mot de unge.

SK Brann - Sandnes Ulf (OBOS-ligaen) (3-0)

Frustrerte Sandnes Ulf-spelarar under kampen mot SK Brann på Brann Stadion, 16. mai 2022.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

– Det er ikkje pengane som hindrar folk i å dra på fotballkamp. Det må vere ei interesse, det må skje noko og så må dei sportslege resultata ligge i botn, seier Alf Morten Haga, leiar for Gaukereiret.

Alf Morten Haga på ØsterHus Arena.

Alf Morten Haga i eufori på Øster Hus Arena.

Foto: Nanco F. S. Hoogstad / Sandnes Ulf

Storstua til Sandnes Ulf har ein kapasitet på 6000 tilskodarar, men i Obos-ligaen 2023 var tilskodarsnittet på under 2000.

– Begynner vi å vinne kampar, så vil det komme fleire folk, seier Haga.

Øster Hus Arena opna i 2020. Ei tid prega av pandemi og nedstenging av samfunnet.

Klisjeen om den tolvte mannen dukkar ofte opp i temaet tilskodartal. Heimelaget har elleve spelarar ute på banen, men blir ein mann ekstra med støtta frå tribunen.

Vegg med smakebit av historien til Sandnes Ulf, inne i en losje på ØsterHus Arena

Bilde og drakter frå Sandnes Ulfs historie.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

– Vi vil jo vere den tolvte mannen. Spelarane er gode til å respondere på støtta vi gir. Vi har jo fått eit fantastisk stadion der det er lett å lage liv. På det gamle stadionet song vi for kråkene.

Konkurranse om interessa

Eliteserien hadde i 2023 ein auke i tilskodartal på nesten 27 prosent samanlikna med 2022-sesongen. Obos-ligaen har derimot hatt ein nedgang på omtrent 12 prosent.

Carl Erik Torp, NRK-ekspert

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I 2022 spelte Branns i Obos-ligaen, men ikkje i 2023, og det blir trekt fram som ein grunn til nedgangen frå 2022 til 2023. Men ifølge NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp er det fleire årsaker.

– I ei verd med så mykje som skjer, er konkurransen med andre plattformer og behov beintøff, seier Torp.

Han meiner ting var lettare før. Da kunne ein surfe på at det var stort nok for folk å komme på kamp og sjå fotball. Slik er det ikkje lenger.

– Ein må tenke meir kreativt, fenge meir og gi meir til dei som kjem.

Torp er einig med Haga og Øystein Elvestad, dagleg leiar i Sandnes Ulf. Sportslege resultat og fokus på dei unge må ligge i botn.

ØsterHus Arena

Øster Hus Arena med tomme tribunar. Bildet er tatt etter trening, eit tidspunkt der tribunane normalt ikkje er fulle.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

– Når sportslege resultat sviktar, fell interessa. Ein må skape heltar og profilar. Det er nøkkelen, konstaterer Torp.

– Vi må vere meir enn eit fotballag

Åsane Fotball hadde ein nedgang på 35,5 prosent i tilskodarsnitt i fjor samanlikna med 2022.

Trine Spord Thomassen, salgs- og markedsansvarlig i Åsane Fotball

Trine Spord Thomassen, sals- og marknadsansvarleg i Åsane Fotball.

Foto: Privat

– Det er ekstremt viktig for ein liten klubb som oss med støtte frå tilskodarane. Spelarane spør etter det og har lyst til å bidra, seier Trine Spord Thomassen, sals- og marknadsansvarleg i Åsane Fotball.

Åsane er ein bydel i Bergen. Trass i det høge innbyggartalet sitt, held dei fleste med SK Brann.

– Vi er nøydde til å vere meir enn eit fotballag. Vi må vere ein identitetsmarkør. Supporterane skal kunne komme til stadion og bli stolte av laget og bydelen sin.

Meiner tribunen «smittar over» på spelarane

Hovudtrenar i Sandnes Ulf, Thomas Pereira, trur tilskodartalet kjem til å gå opp med tanke på laga som har rykt ned og tiltaka dei gjer som klubb.

– Det beste er når det er mange på tribunen. Det smittar over på spelarane ute på banen, seier Pereira.

Thomas Pereira står inne på ØsterHus Arena, hjemmebanen til Sandnes Ulf

Hovudtrenar for Sandnes, Thomas Pereira, ser lyst på tida framover.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Til liks med Haga trur Pereira dei sportslege resultata er viktigast.

Trur gratis inngang vil hjelpe

– Dei to siste åra har vi vunne fem av 15 heimekampar. Det betyr at folk går heim skuffa ti gonger. Vi må begynne å vinne kampar, det trur eg er viktig for tilskodartalet, seier Øystein Elvestad, dagleg leiar i Sandnes Ulf.

Øystein Elvestad, daglig leder i Sandnes Ulf, står på ØsterHus Arena, hjemmebanen til Sandnes Ulf

Dagleg leier i Sandnes Ulf, Øystein Elvestad, har trua på ny trenar og ung spelargruppe.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Elvestad trur ung spelartropp og ny trenar kjem til å gjere ein forskjell.

– Vi gjer noko nytt i år. Gratis inngang for alle under tolv år. For barn og unge er det ekstremt viktig å bygge eit forhold til klubben. Dei er potensielt framtidige supporterar.

Dei to siste åra har ikkje kulturen i klubben stått sterkt, understrekar Elvestad. Men den unge og lokale spelargruppa ønsker ei endring.

Sandnes Ulf trening på ØsterHus Arena.

Noah Umbach Bertelsen og Daniel Arifagic er blant unggutane som trenar blant tomme tribunar på Øster Hus Arena.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

– Spelargruppa vi har sett saman nå, er stolte av å ta på seg den lyseblå drakta. Dei er her fordi dei har lyst til å få til noko stort med denne klubben. Det er viktig for å tiltrekke seg tilskodarar.