Det var sett av heile tre veker og 49 vitne var kalla inn til rettssaka mot bruktbilseljar Ronald Jensen. Men erklæringa frå psykiateren som kom inn til rettens medlemar i dag tidleg, slo fast at Jensen var for sjuk til å møte i retten i dag. Aktor Bente Staven stilte seg tvilande til om Jensen er så sjuk at han ikkje kan møte. Men ho fekk ikkje gjennomslag for kravet om å hente mannen, slik at retten sjølv kunne vurdere tilstanden hans.
Sidan saka ikkje kan førast utan Jensen er den utsett til april neste år.
Staven meiner også at Jensen har vore i aktivitet med bilsal via internett heilt til det siste, sjølv om dette ikkje er prova. Forsvararen til Jensen, Høgsterettsadvokat Svein Tømmerdal avviser derimot at det er Jensen sjølv som sel bilar. Han seier det er kona og svogeren som driv forretninga vidare.
Lang tiltale
Tiltalen mot Jensen er lang som eit vondt år. I rolla som dagleg leiar og styreformann i selskapet Bilcenteret Nye og Brukte bilar i året 1999 og fram til konkursen hausten same året, skal han ha latt vere å bokføre totalt 35 ulike bilkjøp i rekneskapen. Samla verdi er på nesten 7,4 millionar kroner, og dette er å rekne for eit grovt underslag og utruskap mot selskapet han styrte.
Fjerna bilar og utstyr
I eit anna selskap, RS Bilutleige Nye og Brukte Bilar som gjekk konkurs litt seinare same året, skal han ikkje ha ført inntekter for leige og sal av totalt fem bilar til ein verdi av 1,8 millionar kroner. Påtalemakta meiner også at han har fjerna bilar og utstyr til ein verdi av 1,2 millionar kroner frå det eine selskapet etter konkursen.
Triksing med kilometerteljar
Jensen har selt ein bil som var tre år eldre enn det han sa til kunden. I tilegg har han triksa med kilometerteljarane på fem andre bilar han har selt. Trond Hammer kjøpte i si tid ein 98 modell Audi A6 Quattro for 360.000 kroner av Jensen Auto. Men han skjøna raskt at ikkje alt var som det skulle med bilen. Tromsøveringen tok sjølv kontakt med Tyskland og mannen som hadde selt bilen til Jensen. Det viste seg at bilen ikkje hadde gått 76.000 km slik som Jensen hadde opplyst om, men 105.500 kilometer. Hammer måtte gå rettens veg for å få oppheva kjøpet og vann. Men Jensen anka og fekk forlik mellom partane.
Forfalsking av dokument
Vidare skal Jensen har lurt både tolldirektoratet og fylkesskattekontoret gjennom å forfalske dokument. På denne måten kunne han unngå statlege avgifter, meirverdiavgifter og skattar då han importerte bilane. Også ein av bilseljarane og styreformann i selskapet RS Bilutleige Nye og Brukte bilar er tiltalt i saka, men då for ein litt mindre sum.
Vedgår ikkje skuld
Ingen av dei to tiltalte vedgår skuld. Dei skuldar i staden på kvarandre. Blir Jensen dømd risikerer han fengsel i seks år. I tillegg vil det bli kravd millionerstatning.
Hol i timeplanen
Både Økokrim, påtalemakta og forsvararane har jobba på spreng siste tida med saka som er både omfattande og komplisert. No står tre veker på timeplanen deira ledig. Dei mange vitna som skulle kome må avlysast og sorenskrivarkontoret må raskt finne andre saker å fylle tomrommet i rettslokala med. Utsetting vil koste staten minst 100.000 kroner. Men verst er det kanskje for den andre medtiltalte. Han var bilseljar og styreleiar i eit av selskapa Jensen dreiv, og er tiltalt for noko av det same som Jensen, men i mindre omfang. Han var i dag skuffa fordi han hadde sett fram til å bli ferdig med saka. Det seier forsvararen hans, Rune Tysse.
Kjedelig for bilbransjen
For bilbransjen har saka mot Ronald Jensen, som no har føregått i fleire år, vore svært kjedeleg. Leiar i Bilbransjeforbundet i Sogn og Fjordane, Erik Kvamme, kjenner berre saka gjennom media. Men han seier at dersom skuldingane er riktige, er bransjen lite glad for at slike aktørar finst i marknaden. Dette er skadeleg for bransjen, fordi folk har lett for å ta alle under ein kam, seier han.