Hopp til innhold

Bruktbilseljar Jensen må i fengsel

Frå desse lokala har Ronald Jensen selt brukte bilar. (Foto: A. Nybø, NRK)Gulating Lagmannsrett har dømt bilseljar Ronald Jensen til eitt og eit halvt år i fengsel for omfattande bilsvindel. Han er òg idømd tre års næringsforbod.

Bilseljar vil reinvaske seg

Her dreiv Jensen sal av bilar. (Arkivfoto: NRK)Måndag starta ankesaka mot bilseljar Ronald Jensen i Gulating Lagmannsrett. Sunnfjordingen skal gjere eit nytt forsøk på å bli reinvaska for skuldingar om svindel for fleire millionar kroner.

Vurderer anke

Svindeldømte Frode Gamlestøl vil no vurdere om han skal anke dommen i bilsvindelsaka i Førde.

To år fengsel for bilseljar

Bilseljar Ronald Jensen er av Sunnfjord Tingrett dømd til fengsel i to år i den store bilsvindelsaka i Førde.

Krev tre års fengsel

Bilsvindelsaka mot Ronald Jensen og Frode Gamlestøl i Førde blir avslutta i dag og i morgon.

-Bilkundar må være kritiske

Bilkundar må bli meir kritiske til kven dei handlar bil med. Det meiner Erik Kvamme som er mediekontakt for Sogn og Fjordane Bilbransjeforening.

Bilsvindeltiltalte sel framleis bil

Dei svindeltiltalte bruktbilseljarane Ronald Jensen og Frode Gamlestøl gir seg ikkje så lett. Sjølv om dei la ned forretninga si i Førde i fjor, er dei framleis involverte i to andre bruktbilselskap på internett.

Triksa med kilometerteljarar

Bilsenteret Nye og Brukte bilar dreiv omfattande triksing med kilometerteljarar på bilar dei selde. Det forklarte Frode Gamlestøl i Sunnfjord tingrett i dag.

200.000 kr for å ta skuld

Frode Gamlestøl, som er tiltalt i bilsvindelsaka i Førde, hevda han var tilbydd 200.000 kroner for å ta på seg meir skuld i saka.