Ronald Jensen lei eit sviande nederlag i Sunnfjord tingrett. Han vart funnen skuldig både i grovt bedrageri og underslag for fleire millionar kroner gjennom sine bruktbilforretningar. Han fekk også forbod mot å drive næringsverksemd dei neste tre åra. I tillegg til to års fengsel vart han dømd til å betale fleire hundre tusen kroner i erstatning.
Triksa med teljarane
I retten fortalde den tidlegare samarbeidspartneren Frode Gamlestøl at dei dreiv omfattande triksing med kilometerteljarane på fleire bilar dei selde. Sjølv er Gamlestøl dømd til fengsel i seks månader, men Jensen er heile tida peika ut som hovudmannen i saka.
Kjende seg lurte
Jensen la fram sjukmeldingar som prov då saka gjekk i tingretten. (Foto: NRK)
Under hovudforhandlingane i tingretten stod fleire av dei som hadde kjøpt bilar fram og fortalde om korleis dei hadde kjent seg lurte av bilseljaren frå Sunnfjord. Sjølv har Jensen heile tida meint at han ikkje har noko med dette å gjere, og skulda mellom anna på at han var sjuk i store periodar då svindelen skal ha pågått.
Dommarane i Sunnfjord tingrett trudde ikkje på Jensen. No blir det opp til lagmannsretten å felle sin dom over bilseljaren frå Sunnfjord. Tre veker er sett av til saka.