Hopp til innhold

Legane må aktivt plassere

Pressekonferanse Helse Førde

PRESSEKONFERANSE: Viseadministrerande direktør Vidar Vie (f.v.), administrerande direktør Jon Bolstad, fagdirektør Hans Johan Breidablik og Olav Hesjedal som direktør for medisinsk klinikk på pressekonferansen i føremiddag. Foto: Eldgrim Fossheim/NRK

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, stadfestar at legane må ta aktivt stilling til om behandlinga er i tråd med reglane for ventetider.

- Teknisk er systemet slik at du ikkje kan gjere ferdig tilvisingar utan å ta aktivt stilling, seier Breidablik.

Under ein pressekonferanse tysdag kom det fram at legane ved sjukehusa aktivt må ta stilling til om behandlinga er i tråd med reglane for ventetider.

Dette er lagt inn i datasystema til Helse Førde.

Uvisst om dette er gjort medvite

Likevel vil ikkje administrerande direktør Jon Bolstad seie om dette betyr at legane medvite har gjort feil.

– Vi er sjølvsagt ekstremt opptekne av kva som er årsakene her. Men prioriteten i dag har vore å få klarlagt at pasientane bli ivaretekne, seier Bolstad.

Måtte vurdere 200 pasientar på nytt

93 pasientar ved Nordfjord sjukehus har hamna på feil venteliste. 45 av dei skulle allereie ha vore til behandling.

Det var førre veke at Helse Førde orienterte om at dei måtte gå gjennom sjukdomshistoriane til 200 pasientar med alvorleg symtom på nytt, då helseføretaket hadde grunn til å tru at det hadde skjedd ein svikt i vurderinga ved Nordfjord sjukehus.

Kan gå lengre tilbake

På ventelistene til Nordfjord sjukehus er det funne pasientar som skal ha stått der sidan mars i år. Men skandalen kan syne seg å gå endå lengre tilbake i tid.

Dei nye retningslinene, som seier kor raskt pasientar skal ha behandling, kom alt i 2009. Dermed kan det vere opning for at omfanget av saka er langt større enn det som no er avdekt.

Manglar oversikt


Bolstad medgir at dei per i dag ikkje har oversikt.

– Det er allereie pasientar som er behandla vi her snakkar om ifrå 2010. Vi ønskjer å gjere eit stykkje jobb, utan at eg i dag er heilt klar på korleis vi skal kunne gå nærare inn på spørsmålet ditt, seier Bolstad.


– For det kan vel vere at pasientar som har fått behandling, likevel stod for lenge på venteliste, før dei fekk behandling?


– Det er rimeleg å anta at det kan vere slik. Gitt at vi ikkje har vore gode på å prioritere i 2011, kan det også ha vore tilfellet i 2010, seier Bolstad.