Hopp til innhold

Helse Førde i timesvis i krisemøte

Store delar av helga og natt til måndag sat leiinga i Helse Førde i krisemøte om ventelisteskandalen.

Helse Førde styremøte

KRISESTEMNING: Leiinga i Helse Førde sat i helga og natt til måndag i krisemøte. Biletet er henta frå eit tidlegare styremøte.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Vi har hatt den gjennomlesinga som vi sa vi skulle ha av alle dei pasientane som stod på den noverande ventelista. Så vil vi bruke dagen i dag til å kvalitetssikre dette arbeidet, opplyser kommunikasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde til NRK.no.

200 pasientar på uprioritert liste

Torsdag vart det klart at heile 200 pasientar på poliklinikken ved Nordfjord sjukehus har havna på ei uprioritert venteliste.

Det kan i verste fall ha ført til at pasientar med alvorlege sjukdomar og lidingar ikkje har fått den behandlinga dei har krav på.

Vurderer legar frå andre føretak

NRK veit at leiinga i Helse Førde har vore i krisemøte i store delar av helga - og natt til måndag - for å diskutere vegen vidare i ventelisteskandalen.

Leiinga skal ønskje å bruke legar frå ande helseføretak for å sikre at tilbakemeldingane til dei råka pasientane blir god nok.

Helse Førde skal tysdag ha pressekonferanse i samband med ventelisteskandalen ved Nordfjord sjukehus.