- Dette handlar ikkje berre om å redusere vekt, men om å redde liv, seier Rita Zimmer, leiar i Landsforeningen for overvektige.
Helseministeren slår fast at desse pasientane har krav på behandling, og at alle no skal få hjelp. Førde Sentralsjukehus var lenge åleine om å utføre dei livbergande operasjonane, og kirurgane der har kjempa for at fleire skulle få tilbod. I dag blir berre 15 til 20 pasientar opererte i året, medan fleire hundre står i kø.
Siger for pasientgruppa
I brevet som ber bod om eit gjennomslag for dei ekstremt overvektige, skriv helseministeren at han er samd med legane ved Førde sentralsjukehus i at kapasiteten for behandling av sjukeleg overvekt må aukast ved norske sjukehus. Høybråten har instruert sosial- og helsedirektoratet om at ei viss gruppe pasientar skal sjåast på som sjuke, og har krav på behandling. Villy Våge, som sjølv utfører inngrepa ved Førde sentralsjukehus og har talt dei alvorleg overvektige si sak, tolkar brevet som ein siger.
Berre på to sjukehus
Lenge var det berre Førde sentralsjukehus som utførte det kirurgiske inngrepet som kan få sjukeleg overvektige personar til å gå ned i vekt og gi dei eit nytt liv. I dag utfører også St. Olavs hospital i Trondheim fedmeoperasjonane, og sjukehuset i Tønsberg står på trappene. Likevel blir det berre utført 15 til 20 inngrep i året. Eit paradoks når mellom 500 og 1000 personar ventar.
Våge nemner helseproblem som sukkersjuke, høgt blodtrykk, høgt kolesterolnivå, alvorlege pustevanskar, slitasje på kne, rygg og hofter og kreft. Mange slit i tillegg med angst og depresjon, og Våge har vore i kontakt med menneske på randa av sjølvmord og pårørande som er villige til å selje huset sitt for å få råd til ein fedmeoperasjon i utlandet.
Glede i landsforeininga
Landsforeningen for overvektige har jobba saman med legane ved Førde sentralsjukehus for å få gehør i helsedepartementet. Leiar Rita Zimmer er letta over dei nye signala.
- Dette handlar ikkje berre om å redusere vekt, men om å redde liv. Det er eit viktig skritt framover at overvektige får same behandling som andre alvorleg sjuke, seier Zimmer.
- Tilbod i kvar region
Når det no skal utførast fleire overvektoperasjonar i Norge, meiner Villy Våge at 1 til 3 sjukehus i kvar helseregion bør setjast i stand til å utføre inngrepa. Han er oppteken av at det må følgje ressursar og kompetanseheving med departementet sine lovnader.
Om ikkje lenge kjem sosial- og helsedirektoratet med ein rapport som skisserer korleis satsinga på overvektoperasjonar skal sjå ut i praksis. Landsforeningen for overvektige vonar rapporten også vil fokusere på oppfølgjing av dei opererte og forsking på årsaker.