Hopp til innhold

Blei bombardert av skrekkhistorier, men Benedicte angrar ikkje på operasjonen

Fedmeoperasjonen gav Benedicte Sjåstad (26) eit nytt liv. Fersk statistikk syner at to av tre pasientar er nøgde med resultatet.

Benedicte Sjåstad med borna Seline og William.

HELDIG: For Benedicte Sjåstad var borna ein viktig motivasjon for å ta operasjonen. Her med Seline og William.

– Eg føler meg veldig heldig.

Det seier Benedicte Sjåstad, som tok fedmeoperasjon for tre år sidan.

NRK fortalde denne veka at éin av fem fedmeopererte står i faresona for å utvikle eit alkoholproblem etter operasjonen.

Andre pasientar opplever biverknader som smerter, laus hud eller mentale utfordringar.

Men tobarnsmora Sjåstad har berre hatt gode erfaringar.

Benedicte Sjåstad.

Så lenge Benedicte Sjåstad kan hugse har ho vore overvektig.- Å gå ned i vekt var vanskeleg. Til slutt kom eg til punkt der eg fekk nok, seier Sjåstad som tok operasjonen for tre år sidan.

Foto: Morten Ristesund Steinnes

– I dag har eg veldig god helse. Eg har energi og overskot til å vere den mora eg ønskjer å vere, seier Jølster-kvinna, som er busett i Ålesund.

Mange nøgde etter operasjon

Heile 2 av 3 svarar at dei er godt eller svært godt nøgde etter fedmeoperasjon.

Det syner fersk statistikk frå Helse Førde og forskar John Roger Andersen.

Han har følgt kring 300 pasientar gjennom dei siste fem åra. Gjennom ei rekkje spørsmål har han fått innblikk i kor nøgde dei er etterpå.

John Roger Andersen, forskar i Helse Førde

Forskar John Roger Andersen seier dei følger pasientane i fleire år for å vite mest mogleg om kor vellukka operasjonen er.

Foto: Astrid S. Korsvoll / nrk

Pasientane som er nøgde fortel at dei har fått eit betre liv i takt med at vekta gjekk nedover.

– Dei får betre livskvalitet. Dei kan ta seg av familien, vere kjærast, far, mor, og vere aktive. Livet har blitt lettare og dei kan leve på ein annan måte enn før.

Før operasjonen var 61 prosent av pasientane «betydeleg plaga» av fedmeplager. Fem år etter er talet nede i 15 prosent. For dei som hadde diabetes type 2, førte operasjonen til at over 70 prosent av desse greidde seg utan behandling.

– 2 av 3 seier dei er nøgde, men er det talet høgt nok?

– Vi er ikkje nøgde før pasienten er nøgd. Vi vil ha endå betre tal og ønskjer å optimaliserer effekten av operasjonen, seier Andersen, men legg til:

– Men om vi samanliknar fedmekirurgi med ryggkirurgi og andre operasjonar for å betre funksjon og livskvalitet, så er dette veldig gode tal.

Tala samsvarar godt med Senter for sykelig overvekt Helse Sør-Øst ved sjukehuset i Vestfold. Ti år etter operasjonen fortel tre av fire fedmeopererte at dei er godt nøgde.

– Årsakene er at dei har fått betre helse på alle måtar, seier seksjonsoverlege Jøran Hjelmesæth.

Mange er også glade for å sleppe å gå på medisinar for diabetes, høgt blodtrykk og forhøga kolesterol.

Resultata er ikkje gode nok

Mange av dei som slit eller har slite med fedme er organiserte i Landsforeningen for overvektige.

Leiar Mari-Mette Graff, leiar meiner behandlingsresultata innan fedme ikkje er gode nok.

Mari-Mette Graff

Mari-Mette Graff er leiar i Landsforeningen for overvektige. Dei som er nøgde etter fedmeoperasjonen fortel at dei får betre helse på alle måtar og at dei blir behandla betre etterpå.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Om det var tilsvarande dårlege resultat på andre område ville det vore ramaskrik og opprør for lenge sidan, seier Graff.

Manglande vekttap er i hovudsak årsaka til at 1 av 3 ikkje er særleg nøgde med operasjonen. Andre igjen fortel om smerter, laus hud, mentale utfordringar og andre plager.

Angrar av og til på operasjon

For Ronny Domaas frå Askvoll blei livet lettare og helsa betre etter at han la seg på operasjonsbordet for 13 år sidan. Men 43-åringen angrar frå tid til anna likevel, for etter operasjonen kan tobarnsfaren berre ete mindre mengder mat i gongen.

Ronny Domaas i Åsane utanfor Bergen seier han ikkje hadde hatt det livet han har i dag utan fedmeoperasjonen. Men han saknar det sosiale rundt eit godt måltid.

Ronny Domaas i Åsane utanfor Bergen seier han ikkje hadde hatt det livet han har i dag utan fedmeoperasjonen. Men han saknar det sosiale rundt eit godt måltid.

Foto: Privat

– Eg saknar det sosiale rundt måltida. Når du ikkje kan ete kva du vil, så utgår fort restaurantbesøk, julebord eller berre julemiddagen på julaftan for den saks skuld.

Også tobarnsmor Benedicte Sjåstad var i stuss før ho tok operasjonen for tre år sidan.

Benedicte Sjåstad og borna William og Seline.

Med unntak av at Benedicte Sjåstad toler nokre få matvarer dårleg, har ho ikkje merka biverknader. Ho kjenner også mange andre som også har lagt seg under kniven.– Eg har ikkje høyrt om nokon som har dårlege opplevingar, seier 26- åringen.

Foto: Morten Ristesund Steinnes

Årsaka var mange skrekkhistorier, men det førebuande kurset ho var på, trygga henne i valet.

– Eg skulle gjerne sett at alle var nøgde, men eg trur det også handlar om kva du gjer det til etterpå. Du må endre livsstil etter operasjonen, og greier du ikkje endre den, så kan det gå feil for mange, seier Benedicte Sjåstad.