NRK Meny
Normal

Skal konkurrere over sju fjelltoppar og 3000 høgdemeter

Toppturentusiastar får no eit nytt mål å bryne seg på. 12. mars er det duka for «Stryn Rando 3000». Arrangørane meiner det blir den råaste skialpinkonkurransen i Norge.

Botnakrednipa (1280) er eit av fjella som løparane skal innom.

TOPPTUR: Sju toppar og 3000 høgdemeter, mellom anna Botnaskrednipa på 1280 moh skal løparane innom under Stryn Rando 3000.

Foto: Erlend Folstad

Eg reknar med at dei sprekaste som deltek vil bruke fire og ein halv time. Det er utøvarar som i fysisk form er like gode som topputøvarane våre på langrenn, seier Erlend Folstad.

Han leiar arrangementskomiteen for Stryn Rando 3000, som blir arrangert av Svedje og Fjell, Stryn Turn og Idrettslag og Stryn vinterski. Formålet er å samle toppturinteresserte og samtidig profilere Stryn og Nordfjord som toppturmål.

– Ander stader som også har natur satsar på liknande arrangement, så vi måte finne på noko meir unikt. Dette blir Norges råaste. Ingen kan matche oss på tal høgdemeter og lengde på turen, seier leiaren.

Dei tøffaste som stiller i konkurranseklassa startar på nær 350 meter over havet, og skal innom Gryta (1032 moh), Kyrkjenibba (1400 moh), Botneskrednibba (1280 moh) , Natakupa (1400 moh), Hestefjellsnibba (1303 moh), Karifjellet (1320 moh) og Gulkoppen (1306 moh) før dei kan gå i mål. For dei som ikkje stiller konkurranseklassa skal også få bryne seg på fjellet. Småegga, Natakupa, Hestefjellsnibba og Karifjellet er passeringspunkt før dei kan avslutte.

– Den turen kan gjerast av alle som har eigna utstyr for å gå på fjellturar og renne ned igjen, forklarar Folstad.

Kyrkjenibba

KYRKJENIBBA: To av toppane er på 1400 meter over havet, mellom anna majestetiske Kyrkjenibba.

Foto: Arne Vik

Aukande interesse for randonee

Randonee er særs populært i Alpane og andre stader i Europa, men det er ein relativt ny idrett i Noreg. Ordet randonee er fransk og betyr "å gå på fjelltur". Og det er nettopp det som er poenget - å raskast mogleg gå opp fjelltoppar for så å køyre ned att.

Dette med randoneeløp kan bli den neste store utfordringa som folk syns er artig å vere med på. Det er artig at det blir etablert klassikarar i Noreg, det er ein naturleg del av toppturbølgja vi har, seier redaktør i sportsmagasinet Fri Flyt, Erlend Sande.

Han har sjølv delteke i liknande løp andre i Noreg, og ser at det er fleire og fleire som interesserer seg for idretten.

– Det er ikkje stor deltaking i renn, men det blir meir og meir. Det blir også rekruttert nye folk heile tida, fortel Sande.

I Stryn er dei meir enn klare til å ta i mot deltakarane. Dei håpar at kring 100 utøvarar vil stå på startstreken. Folstad trur også at publikum vil få ei kjekk oppleving.

Det er eit unikt syn. Folk spring motbakkar på ski som du aldri har sett før, og køyrer ned i veldig høg fart. Eg trur det er spektakulært å sjå på, seier Folstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.