Hopp til innhold

Bjørn Kåre fekk igjen «tur­minna» – via Facebook

«Turflagget» med notata frå årevis med fjellturar forsvann i januar 2021. Det er framleis eit mysterium kva veg flagget tok, men no er det heime.

Flagget var ein trufast følgesvenn på tur før Bjørn Kåre Ellingsen mista det på Haukelifjell.

Flagget var ein trufast følgesvenn på tur før Bjørn Kåre Ellingsen mista det på Haukelifjell.

I nærare ti år noterte han turane på flagget.

Fjelltoppar, høgdemeter og datoar.

Men ein eller annan stad på vegen, på skitur til Veslenup på Haukelifjell, forsvann det.

– Det var i januar i 2021, og det var ei ganske strabasiøs ferd. Eg trynte sikkert hundre gonger, seier Bjørn Kåre Ellingsen i Randaberg.

Først seint på ettermiddagen, då han og sambuaren var tilbake frå turen, la han merke til at flagget var borte.

Den gongen etterlyste Ellingsen flagget på Facebook, men han fekk ingen respons.

No har han fått hjelp frå uventa hald.

Det er skrive inn mange fjelltoppar på flagget. Der står også høgdemeter og datoen for turen.

Det er skrive inn mange fjelltoppar på flagget. Der står også høgdemeter og datoen for turen.

Personlege minne

Tre år seinare kjøpte Kristoffer Lea frå Nærbø ny bil. Eller rettare sagt; Ein brukt og ganske skitten bil.

Lea gjekk grundig til verks.

– Eg tok ut seta, og vaska og skura. Så låg eg der på alle fire, og då såg eg ein liten pinne som stakk ut.

Det var «turflagget».

Først etterpå la Kristoffer Lea merke til notata. Han bestemde seg for å gi «turflagget» tilbake til den rette eigaren sin.

Men det viste seg at flagget var ukjent for dei han hadde kjøpt bilen av. Det førte til at Lea posta eit innlegg på Facebook.

«Tenkjar dette er eit godt minne for rette personen, så derfor prøver eg lykka her», skreiv han i oktober.

Lea håpa å finne eigaren, men hadde ikkje dei heilt store forventningane.

Likevel, innlegget vart delt nesten to og eit halvt tusen gonger, og plutseleg fekk han napp.

– Eg syntest det var hyggjeleg at eigaren fekk det tilbake. Det var mange kjensler og tankar om det.

Kristoffer Lea på tur til Preikestolen

INSPIRERT: Kristoffer Lea er sjølv turmann, og vart inspirert til å kanskje lage noko liknande sjølv. – Det var eit kult påfunn. Eg trur det er mange som kjem til å tenke i dei banar framover.

Foto: Privat

INSPIRERT: Kristoffer Lea er sjølv turmann, og vart inspirert til å kanskje lage noko liknande sjølv. – Det var eit kult påfunn. Eg trur det er mange som kjem til å tenke i dei banar framover.

Foto: Privat

– Heilt fantastisk

Bjørn Kåre Ellingsen, som eig flagget, seier det var fantastisk å få sin «gode turvenn» heim.

Han veit framleis ikkje korleis flagget fann vegen frå Haukelifjell til Caddyen som Kristoffer Lea nyleg har kjøpt.

No har han fått flagget tilbake i det han omtaler som ei «formell overrekking». Hendinga vart foreviga av Bygdebladet.

Ellingsen fortel at tradisjonen med flagget eigentleg oppstod litt tilfeldig.

– Første turen var Galdhøpiggen med den eldste son min. Då vart det til at vi skreiv det opp, då vi hadde vore på den turen.

Og sidan heldt han fram med å notere.

– Det betyr eigentleg ganske mykje for meg det flagget, det har følgt meg gjennom mange år.

Inger Helle Espeland og Bjørn Kåre Ellingsen

Turar og friluftsliv er ei interesse han deler med samboer Inger Helle Espeland. Det var ho som såg flagget på Facebook.

Turar og friluftsliv er ei interesse han deler med samboer Inger Helle Espeland. Det var ho som såg flagget på Facebook.

Med fjellet som terapi Jan mistet fire av sine nærmeste, men vil gi håp til andre

Jan Kristian Liabø

Den første turen

No er den eldste sonen, som var med til Galdhøpiggen, i midten av 20-åra. Han har ikkje arva sin fars lidenskap for fjell og tur.

«Det var gøy dette, pappa, men eg trur det blir med denne gongen!», hugsar Ellingsen tilbake.

No skal flagget rammast inn og få plass på veggen.

Sjølv om flagget forsvann, har Ellingsen halde fram med å registrere turane sine. Og han har i alle fall ikkje tenkt å slutte no.

– Eg trur eg må få meg eit nytt flagg. Det blir flagg «to–null».

Dette biletet er frå skituren til Veslenup. Bjørn Kåre Ellingsen mista flagget på denne turen - og i løpet av dei tre neste årene fant det veien tilbake.

Dette biletet er frå skituren til Veslenup. Bjørn Kåre Ellingsen mista flagget på denne turen - og i løpet av dei tre neste årene fant det veien tilbake.

Les også Mener folk bruker sosiale medier for å vurdere skredfare

Kenneth Lauvås på ski

Les også Hold fjellet reint

Sivert Bjørnsrud fortel turistane på Besseggen kvar det er lurt å fylle vann.