Skal ha skjelt ut ungdomsleiar

Senterungdommen krev oppvask etter at partileiar Liv Signe Navarsete skal ha skjelt ut Sandra Borch, som er leiar av Senterungdommen.

Liv-Signe Navarsete
Foto: Trond Vestre / NRK

Avisa VG har fått tilgang til eit svært krasst brev frå sentralstyret i Senterungdommen til toppleiinga i moderpartiet.

Der står det mellom anna:

Vi kan ikke ha en partileder som skjeller ut sine egne åpenlyst fremfor så mange, og i tillegg nyinnmeldte senterungdommer på 15 år.

Utsegn om Borten Moe

Bakgrunnen for konfrontasjonen mellom Navarsete og Borch var at Borch i ein artikkel i Aftenposten sa at nestleiar Ola Borten Moe ville vere ein sterk kandidat til å overta når Liv Signe Navarsete ein dag gir seg som leiar.

VG har snakka med fleire som var vitne til det som skjedde, og dei karakteriserer Navarsete som «tydeleg forbanna». Det var mange unge partimedlemmer som stod rundt dei to og fekk med seg situasjonen.

Liv Signe Navarsete er ei kvinne med temperament, og ho har vore i hardt vêr før:

(Arrtikkelen held fram under biletet).

Sandra Borch

SKAL HA BLITT UTSKJELT: Leiar Sandra Borch i Senterungdommen.

Foto: Martin Mortensen/NRK

– Beklagar

Avisa har vore i kontakt med både Sandra Borch og Liv Signe Navarsete. Navarsete ville ikkje stille opp til intervju, men skreiv at ho beklagar at Sandra Borch opplevde å bli skjelt ut, og at det ikkje var meininga hennar å gjere det.

– Ingen medlemmer skal oppleve å bli utskjelt av partileiaren, og spesielt ikkje ungdommane våre.

Ho skriv og at ho vil møte Sandra Borch måndag for å skvære opp.