Eid-kvinna sitt kritiske utspel om Senterpartiet sitt arbeid i sjukehussaka, og Navarsete sitt følgjande raseriutbrot var onsdag kveld hovudoppslag i fleire riksdekkande media.
- LES OGSÅ:
- Eg kan tole ti gonger så sterke utbrot
SIGER: Janne Endal Andersson seier ho har stor sans for Liv Signe Navarsete for politikar. Men at ho likevel ikkje kan godta at partiet går med på nedlegging av viktige tilbod.
Foto: Hans Kristen Hyrve / NRKSjølv seier Endal Andersson at ho som person ikkje hadde problem med å tole at Navarsete vart provosert.
- Eg kan tole ti gonger så sterke utbrot, men det eg ikkje kan tole er at Senterpartiet står for å leggje ned føde- og ortopeditilbod ved Nordfjord sjukehus og på den måten drive med distriktsnedbygging, seier Endal Andersson til NRK.no seint onsdag kveld.
Begeret rann over for Sp-leiaren
Senterpartileiar Liv Signe Navarsete var på Nordfjordeid for å møte Sogn og Fjordane Senterparti til eit lukka medlemsmøte.
Før dette møtte ho lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson og fleire andre frammøtte som ikkje var nøgde med arbeidet Senterpartiet har gjort i sjukehussaka.
Etter at Endal Andersson hadde skulda Senterpartiet for å svikte distrikta, svarte Navarsete med å skjelle ho ut.
- Eg aksepterer rett og slett ikkje at du står her og seier dette om Senterpartiet. På denne saka har brukt dagar og netter, og så skal eg stå her å få kjeft? rasa Navarsete.
(Artikkelen held fram under biletet)
BLIDE: Liv Signe Navarsete har tidlegare møtt Janne Endal Andersson då ho fekk ein ring som eit symbol på kampen for lokalsjukehuset.
Foto: NPK/Hallvard Østrem- Trefte ein nerve
Endal Andersson meiner ho trefte spikaren på hovudet i sin kritikk av Senterpartileiaren.
- At Liv Signe Navarsete reagerte som ho gjorde tek eg som ei stadfesting på at eg var inne på noko vesentleg, seier lokalsjukehusforkjemparen.
Ho har tidlegare stått i bresjen for fleire aksjonar til støtte for lokalsjukehusa, mellom anna sjukehuskonserten i Operahuset der både Tone Damli og Mariann Thomassen stilte opp for lokalsjukehuset.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- Dette er ein siger for saka
Endal Andersson seier ho har stor sans for Liv Signe Navarsete som politikar, men at ho likevel ikkje er nøgd med jobben ho har gjort i den betente sjukehussaka.
Ho oppfatta situasjonen slik at Navarsete tente på alle pluggar då Sp vart skulda for å svikte distrikta.
- Eg tek reaksjonen hennar som ein siger, viss ein kan kalle det ein siger. Eg kan ikkje tole at Sp godtek nedlegging av viktige tilbod ved lokalsjukehusa. Dersom dei ikkje har noko reell makt i ei regjering, så må ein heller ta konsekvensane av det og trekkje seg, i staden for å prøve å glatte over, seier Endal Andersson.
- Har løfta saka opp i lyset igjen
Ho viser mellom anna til at Navarsete alt onsdag morgon gjekk ut på NRK og sa ho kjende seg trampa på i sjukehussaka.
- Eg er totalt overkøyrd, sa Navarsete mellom anna då ho langa ut mot sine regjeringskollegaer.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Etter episoden i Eid onsdag, trur og håpar Janne Endal Andersson at sjukehussaka igjen skal vert løfta fram.
- Dette viser at dette er ei svært viktig og vanskeleg sak. Eg trur definitivt at dette endå ein gong løftar saka opp på nasjonalt nivå, og det trur eg er veldig viktig.