Hopp til innhold

Aksjonisttopp tek Navarsete i forsvar etter utblåsinga

Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa er rysta over kritikken mot Liv Signe Navarsete. – Eg forstår ikkje kvifor ho blir utsett for kjeft og raseri, seier ho.

Bente Øien Hauge og Liv Signe Navarsete

I FORSVAR: Frontfigur i Folkerørsla for lokalsjukehusa, Bente Øien Hauge, tek avstand frå sjukehusaksjonistane i Nordfjord og støttar Navarsete sin reaksjon.

Foto: NRK

Det er sterk usemje mellom sjukehusaksjonistane etter raseriutbrotet til Sp-leiar Liv Signe Navarsete på Nordfjordeid i går kveld.

Sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson vippa Navarsete av pinnen, men i dag tek frontfiguren i Folkerørsla for lokalsjukehusa statsråden i forsvar.

– Forståleg og menneskeleg reaksjon

– Eg kan ikkje forstå kvifor Liv Signe blir utsett for kjeft og raseri i sjukehussaka, slik vi ser i media. Det er jo Arbeiderpartiet som har hatt makta her, og dei har openbart brukt den, seier Øien Hauge.

Ho meiner det er forståleg at Navarsete vart provosert over skuldingane som Endal Andersson kom med i går kveld.

Eg tykkjer det var ein veldig forståleg og menneskeleg reaksjon når ein har sloss så hardt for noko, og ikkje vunne fram. Når ein får høyre at ein driv med nedbygging av distrikta, er det menneskeleg å reagere som Navarsete gjorde.

Bente Øien Hauge

Øien Hauge er forbausa over at ein tek ut så mykje energi på Navarsete og Senterpartiet.

Liv Signe Navarsete får ring frå lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson

FLEIRE MØTER: Sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson har møtt Liv Signe Navarsete fleire gonger. I går vart ho utskjelt av Sp-leiaren.

Foto: NPK/Hallvard Østrem

– Det er jo dei som faktisk har sloss for oss i denne saka. Eg ville retta energien mot Arbeiderpartiet som har vunne frå, og som har sått for linja som har vunne fram. Det er Jens og Anne-Grethe som bør få dei negative tilbakemeldingane på vedtaket, ikkje Liv Signe, seier Øien Hauge.

Overraska over reaksjonen

Liv Signe Navarsete skjelte ut sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson som skulda Sp-leiaren for å drive med nedbygging av distrikta.

– Eg er overraska over at Navarsete reagerte som ho gjorde. Alle som var der og som har høyrd intervjuet såg at eg ikkje provoserende med det eg sa, seier Endal Andersson til NRK.no.

– Dersom dette er ei så viktig hjartesak for Sp som Navarsete seier, bør ein heller trekkje seg frå regjeringa. Ein kan ikkje sitje i regjering dersom ein ikkje har reell innflytelse og reell makt, seier Endal Andersson.

NETT-TV: Her blir Navarsete sint

Video Liv Signe Navarsete blir sint

NETT-TV: Her blir Liv Signe Navarsete sint.