Skal ha helt parafin over kona og truga med å setje fyr på ho

Kona hevdar at ho i 20 år levde med slag, spark, psykisk terror og verbale trugsmål. No står ektemannen tiltalt for grov mishandling av kona. Ved fleire høve skal borna deira ha vore vitne til valden og trugsmåla.

Det er ei lang liste med mishandling i ulike former mannen i 40-åra frå Sogn og Fjordane må svare for i tiltalen som statsadvokaten har teke ut.

I løpet av 20 år skal han ifølgje påtalemakta ha mishandla kona på det grovaste fysisk og psykisk, både i heimen og på ferieturar. Mannen skal ha slått kona si ulike stader på kroppen, skubba ho slik at ho fall, lugga og drege ho etter håret, halde ho fast, spytta ho i ansiktet, heldt ho for munnen og kasta gjenstandar på ho.

Psykisk har han skjelt ho ut, skrike og snakka nedsettande til ho, kommandert ho, truga med vald og oppført seg aggressivt ved å kaste eller skade gjenstandar rundt ho.

Ved eit høve skal ektemannen ha bunde ho på hender og føter og halde ei pute over ansiktet slik at ha fekk pustevanskar. Deretter skal han helt parafin over ho og truga med å setje fyr.

Ifølgje statsadvokat Benedicte Hordnes har alle handlingane påført kvinna både fysiske og psykiske skadar, spesielt frykta for å verte utsett for vald har vore belastande.

Statsadvokaten peikar og på at borna til ekteparet har vore vitne til fleire av hendingane.

Forsvararen til mannen, advokat Roy Peder Kulblik, seier at klienten hans ikkje vedgår straffskuld. Kulblik seier mannen nektar for å ha gjort det han står tiltalt for. Utover det ønskjer han ikkje å kommentere saka.