Hopp til innhold

Skal fly for islandsk kystvakt

Helikopterselskapet Airlift i Gaular skal drive søk- og redningsteneste for den islandske kystvakta. Kontrakten er verd 25 millionar kroner.

Super Puma redningshelikopter.
Foto: Airlift

Airlift skal bruke det største helikopteret sitt på Island. Helikopteret er det same som vart brukt i redningsarbeidet etter det store jordskjelvet i Pakistan i fjor.

1. oktober i år skal dei vere på plass på sagaøya, og i første omgang er avtaleperioden på eitt år. Kontrakten har ein opsjon på seks månader.

I tillegg til helikopteret vil dei ha kring seks tilsette som skal stå for drifta av maskina på Island.

- Viktig kontrakt

Bjarne Slapgard
Foto: MMS-foto: Øyvind Torvund / NRK

For Airlift er kontrakten svært viktig. Ikkje minst fordi dei ønskjer å få oppdraget med å drive det nye redningshelikopteret som kjem i Florø. Selskapet driv i dag søk- og redningsteneste på Svalbard, og Island-kontrakten vil gje dei endå betre erfaring med denne typen jobbar.

- Vi har god kunnskap om søk- og redningsteneste i polare strøk. Oppdraget på Island er ein del av vår langsiktige strategi, og ein viktig milepæl for oss, sa administrerande direktør Bjarne Slapgard då han informerte om kontrakten på ein pressekonferanse tysdag føremiddag.