Den 54 år gamle rullestolbrukaren skulle ta seg opp frå terapibassenget og tilbake i rullestolen, då han sklei på det glatte golvet.
Han datt - med eit knekt ribbein og blødande rifter i beina som resultat. Omsider fekk han tablettar for smertene, og såra vart plastra. Men dette skulle senteret ha godt betalt for.
På den spesifiserte rekninga 54-åringen fekk ved avreise sto det oppført plaster, tablettar og eingongshanskar, og pasienten måtte pent punge ut med 114 kroner og femti øre for dette.
- Uverdig
- Denne rekninga skulle aldri denne pasienten hatt, seier John Thorbjørnsen, som tilfeldigvis også var pasient ved rehabiliteringssenteret då dette skjedde.
Thorbjørnsen sit til vanleg i brukarutvalet i Helseregion Vest. Han meiner helseregionen sitt fremste rehabiliteringssenter gav pasienten - som er delvis lam etter eit hjerneslag - ei fullstendig mangelfull og uverdig behandling.
- Dei burde hindra uhellet i staden for å fakturere pasienten, seier medpasient John Thorbjørnsen. Han forstår godt at pasienten reagerte kraftig på det.
Mangel på hjelparar
Thorbjørnsen meiner Hauglandssenteret tek imot fleire tunge pasientar enn dei bør, fordi det er for få rehabiliteringsplassar på Vestlandet.
- Problemet var at det var for få hjelparar i bassenget den dagen uhellet skjedde. Alle som hadde trong for det, fekk ikkje hjelp av ein personleg assistent. Det burde denne pasienten hatt, seier Thorbjørnsen.
Han fortel at dei var mange som vart i harnisk over det som skjedde, og han tok dette opp med direktøren.
Beklagar
Den 54 år gamle pasienten har ikkje har høyrt frå direktør Inger Johanne Osland i ettertid, men ho seier tilsette ved senteret har forsøkt å kontakte han.
Osland legg seg flat for kritikken:
- Eg vil beklage at klienten fekk denne rekninga. Eg skulle gjerne hatt det ugjort, seier direktøren.