NRK Meny
Normal

Sjukehustoppar tek eit oppgjer med aksjonistar

NORDFJORDEID (NRK): Sjukehustoppar og ordførarar er kritiske til aksjonistar og legar på Sunnmøre som meiner pasientane i Nordfjord bør reise til Volda.

Jon Bolstad og Odd Søreide

OPPGJER: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad og Odd Søreide, prosjektleiar for framtidas lokalsjukehus, meiner tilbodet ved Nordfjord sjukehus er godt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, tok til motmæle mot dei som seier det er lite aktivitet i Nordfjord.

– Vi ønsker å få fram det vi meiner er rett. Og det som er rette er at vi har ein stor breidde i tilbodet, og ein stor mengde pasientar som får god hjelp. Og vi har tilsette med stor kompetanse som dei får bruke, i samarbeid med kommunane, seier direktøren.

Tok til motmæle mot aksjonistar

Måndag møttest tilsette i Helse Førde, leiinga og styret i helseføretaket, stortingsbenken, fylkespolitikarar, ordførarar og Nordfjordrådet til eit stormøte på Nordfjord sjukehus.

Der fekk dei høyre meir om framtidas lokalsjukehus. Nordfjord sjukehus er blitt eit pilotprosjekt som vekkjer interesse over heile landet, men har òg ei lang forhistorie med nedlegging av fødeavdelinga og den ortopediske aktiviteten.

– Etter eit så stort omstillingsarbeid, er det viktig å sette foten i bakken og spørje kva gjorde vi, kva fekk vi til og kvar står vi, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Odd Søreide, som var prosjektleiar for framtidas lokalsjukehus, tok under møtet eit oppgjer med aksjonistar som meiner nordfjordingane like godt kan reise til Volda som å bruke tilbodet på Nordfjordeid.

– Eg meiner djupt og inderleg at det som har sikra vestlendingar eit godt helsetilbod i løpet av dei siste 40 åra, er samarbeidet i fylka og det regionale samarbeidet med Haukeland universitetssjukehus på toppen. Å bryte den aksen, som er etablert og sopass kjent blant pasientane, ville etter mi meining vere eit stort mistak, seier Søreide.

– Ingenting er fjernare frå sanninga

Eid-ordførar Alfred Bjørlo protesterer også mot dei som seier det er lite aktivitet på Nordfjordeid.

– Nokre har prøvd å skape eit bilete av at sjukehuset på Nordfjordeid er lagt ned, og ingenting kunne vore fjernare frå sanninga, seier Bjørlo, og legg til:

– Det er større aktivitet enn på mange år med mange nye tenester på plass. Vi har slåst for å få på plass eit kirurgisk tilbod og det er i gang. I sjukehusmiljøet er det til saman 260 tilsette, den største enkeltarbeidsstaden for høgt utdanna personell i Nordfjord. Dette er eit heilt anna bilete enn enkelte aksjonistar har prøvd å teikne.

Sven Flo og Alfred Bjørlo

GOD STEMNING: Ordførar i Stryn Sven Flo og Eid-ordførar Alfred Bjørlo var også til stades på stormøtet. Bjørlo protesterer også mot aksjonistane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.