Hopp til innhold

Ekspertar til Eid og Lærdal for å lære

Ei eiga ekspertgruppe er i ferd med å forme framtidas helsestell. Måndag vitja dei sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal for å trekkje lærdommar der ifrå.

Nordfjord Sjukehus

SKAL FORME FRAMTIDAS HELSEVESEN: Heidi Langaas og Prosjektgruppa for Nasjonal helse- og sjukehusplan vitja måndag sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal.

Foto: FOTOMONTASJE: Harald Kolseth/ Cosmin Cosma / NRK

– Sjukehuset her i Nordfjord er spesielt interessant for oss, sidan det skal vere modell for framtidas lokalsjukehus her i landet. Det seier Heidi Langaas som leiar den nasjonale prosjektgruppa som jobbar med den nasjonale helse- og sjukehusplanen.

Hausten 2015 skal departementet legge fram stortingsmeldinga den nasjonale helse- og sjukehusplanen. Der skal departementet beskrive og analysere status og utfordringar i spesialisthelsetenesta og foreslå tiltak som vil utvikle spesialisthelsetenesta slik at den møter behova i framtida.

Samlar informasjon

– Vi er no ute for samle informasjon om det sjukehusa i landet gjer for å innstille seg på behova i framtida, og korleis dei utviklar tenestene slik at pasientane får det dei treng. Både i dag og i framtida.

Måndag vitja prosjektgruppa sjukehusa i Eid og i Lærdal, men ikkje Sentralsjukehuset i Førde.

– No møtte jo leiinga i Helse Førde når vi var i Eid, slik at vi har fått deira perspektiv. Så har vi valt å vere til stades på dei to lokalsjukehusa som har mest endringar og som har mest planar for framtida.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Adm dir Jon Bolstad i Helse Førde,formannskap Gro Starheimseter frå Lærdal og varaordførar Gunvald L

MØTTE PROSJEKTGRUPPA: Adm.dir. Jon Bolstad i Helse Førde, Gro Starheimseter frå formannskapet i Lærdal og varaordførar Gunvald Ludvigsen frå Eid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– For oss har dei siste 10 år med omstillingar handla om å sette pasienten i sentrum. Lage pasienten sitt helsevesen i Sogn og Fjordane. Sjølv om vi har mindre einingar så skal vi bygge robuste fagmiljø som gir god kvalitet til pasienten, seier Jon Bolstad som er administrerande direktør i Helse Førde.

Modellsjukehus

Sjukehuset i Nordfjord er spesielt interessant, fordi det skal vere modell for framtidas lokalsjukehus her i landet.

Måndag møtte prosjektgruppa jordmødrene som har ansvaret for det nye prosjektet for føden og barselkvinner.Dei møtte sjukepleiarane som har ansvaret for den nye dialysesenteret.

Det som kanskje imponerte Langaas mest var den nye eldremedisinske poliklinikken.

Heidi Langaas

VITJA SJUKEHUSA I NORDFJORD OG I LÆRDAL: Heidi Langaas leiar ekspertgruppa som skal forme framtidas helsestell.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er ikkje så mange stader i landet der ein gammal mann eller kvinne kan kome inn og få utreda alle sine helsebehov og sjukdomar på ein dag. Med tverrfagleg personell både frå psykisk helsevern og frå somatikken. Dette tykkjer vi er eit veldig flott tilbod.

– Det mest gledelege i dag var kommentaren frå prosjektgruppa om at det vi driv med er svært framtidsretta. Betre skryt kan eg ikkje ta med meg heim igjen seier Bolstad.