Hopp til innhold

– Ingen vits å protestere mot ortopedi-vedtaket

– Den ortopediske aktiviteten ved Nordfjord sjukehus blir lagt ned. Det er ingen vits i protestar, seier styreleiaren i Helse Vest.

Nordfjord Sjukehus

TAPT KAMP: Styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest seier den ortopediske aktiviteten ved Nordfjord sjukehus vil bli lagt ned og at det ikkje er vits i å protestere lenger.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest seier den ortopediske aktiviteten ved Nordfjord sjukehus vil bli lagt ned og at det ikkje er vits i å protestere lenger.

Det seier han med klar adresse til Helsefaggruppa i Nordfjord som i går heldt pressekonferanse for å kjempe vidare for ortopedien.

– Det er feil å hevde at det er fagleg uforsvarleg å leggje ned ortopedien i Nordfjord, seier Nilsen.

Trur anestesivedtaket gir håp

Oddvard Nilsen

Styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest

Foto: Helse Vest

Helsefaggruppa som består av legar i Nordfjord og ein siviløkonom meiner regjeringa sin snuoperasjon i anestesisaka må få følgjer også for det vedteke nedlagde ortopeditilbodet ved lokalsjukehuset.

I går kveld hadde gruppa pressekonferanse og overlege Henrik Berg kjenner seg trygg på at saka skal vinnast.

På møtet på Nordfjoreid presenterte gruppa beståande av helsepersonell og ein siviløkonom eit dokument som vart lagt fram på eit møte på Stortinget tidlegare i veka.

– Saka bør leggjast død

Nilsen seier kampen om ortopedien bør leggjast død. Både Helse Førde, Helse Vest og regjeringa har avgjort at ortopedien skal leggjast ned.

– Alt det som er gjort frå Helse Vest seie side er fagleg forsvarleg. Sjølvsagt er det det, seier Nilsen.

– Men legane viser her til at det er gitt feil faktaopplysningar til statsminister og helseminister. Dei meiner dette er faktaopplysningar som har vore med å avgjort vedtaka.

– Nei, eg meiner vi har forsøkt å gi så sakleg og god informasjon som mogleg. Eg registrerer kva dei seier, men eg meiner vi har gitt informasjon som oppfyller kvalitetskrava, seier Nilsen.

– Det blir også hevda at det er spreidd negative rykte om det faglege miljøet på Nordfjord sjukehus. Kva seier du til det?

– Det er heilt ukjent for meg. Mitt råd til alle er at vi skal prøve å finne positive og gode løysingar på Nordfjordeid.