Dopinglager i Søndre Buskerud
Foto: Ntb Scanpix / Politiet / NTB scanpix

Sju tiltalte i dopingsak

Oppsummert

Sju menn står tiltalt for å ha deltatt i eit kriminelt nettverk som politiet meiner stod for det meste av produksjon og sal av dopingmiddel i Noreg frå 2011 til 2016. Mennene kjem frå Buskerud, Bergen og Sunnfjord. Saka går i Bergen tingrett.

  • Brukte mobilen i rettssalen

    Den dopingtiltalte 35-åringen frå Sunnfjord vart lagt i bakken av ein rettsbetjent i ein pause under rettssaka i dag. Mannen filma ein periode og ville ikkje sleppe telefonen, skriv Bergens Tidende. Både mannen og forsvararen hans, Sol Elden, beklaga opptrinnet. – Det var ikkje noko formål med filminga. Det var meir normal mobilbruk, men at han ikkje tenkte over at han var i ein rettssal, seier Elden.

  • Fekk dopingpengar i bitcoin

    Den tiltalte 36-åringen fortel at han i 2016 fekk betaling for anabole steroider gjennom kryptovalutaen bitcoin. Mot slutten før han blei pågripen i 2016 betalte nesten samtlege kunder gjennom kryptovalutaen, seier han.

  • Diskuterer e-postar

    Aktor Høvik held fram med utspørjinga av den tiltalte sunnfjordingen. Høvik ønskjer svar på ei rekke e-poster frå 2011 og 2012, der den tiltalte har kontakt med forskjellige kunder som skal ha kjøpt steroider frå sunnfjordringen.

Den største dopingsaka i Noreg

Måndag 21. januar møter sju menn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud i ein av dei største rettssakene om dopingmiddel i Noreg nokon gong.

  • 2011 - 2016
    Hovudmennene

    Ein 36-åring og ein 37-åring frå Sunnfjord er rekna som hovudmennene i det politiet meiner er eit organisert kriminelt miljø. Frå 2011 til 2016 skal dette nettverket ha kontrollert nær all omsetning av dopingmiddel i Noreg.

  • November 2015
    Politiaksjon på loftet

    Politiet var ute på eit oppdrag saman med Arbeidstilsynet då dei tilfeldig fann store mengder utstyr for å produsere dopingpreparat på eit loft i Bergen. Det sette politiet på sporet av nettverket.

    Beslag av dopingmiddel i Bergen
    Foto: Politiet
  • Desember 2015
    Største beslaget

    I desember 2015 avdekka politiet i Søndre Buskerud det som viste seg å vere det største lageret for dopingmiddel i Noreg nokon gong. Tre menn frå Buskerud er blant dei sju som no må svare for organisert kriminalitet. Dei har alle lagt korta på bordet og tilstått.

    Dopinglager i Søndre Buskerud
    Foto: Ntb Scanpix / Politiet / NTB scanpix
  • 21. januar 2016
    Beslag i Hedmark

    Tollvesenet beslagla to kilo ferdigprodusert dopingmiddel på svenskegrensa ved Magnor. Tre personar arresterte.

  • 13. februar 2016
    Beslag i Østfold

    Tollvesenet fann nær eitt kilo ferdigprodusert dopingmiddel på Svinesund. To personar arresterte.

  • 5. mars 2016
    Beslag i Høyanger

    I den veglause grenda Måren i Høyanger fann politiet fem kilo ferdigprodusert dopingmiddel. Fleire arresterte etter omfattande politiaksjon.

  • August 2018
    Avslørte stort nettverk

    I fjor haust letta politiet på sløret i den svært omfattande etterforskinga. Politiadvokat Kristin Harstad leia arbeidet saman med fleire andre kolleger i Vest politidistrikt.

  • 2019
    Rettssaka

    Bergen tingrett har sett av 25 veker til saka mot dei sju. Det skal førast svært mange vitne og leggjast fram bevis som politiet meiner skal halde til å få dei sju dømde etter mafiaparagrafen.