NRK Meny
Normal

Sju personar i trafikkulukke

Tre personar er sende til legesjekk etter ei trafikkulukke ved Brunsviktunnelen i Vågsøy.

Laster kart, vennligst vent...

Ein bil skal ha køyrt inn i ein annan ved på riksveg 15 mellom Bryggja og Almenningen. Sju personar var involverte i ulukka, som skjedde då den fremste bilen bremsa ned for å svinge av vegen. Bilen bak køyrde då inn i den andre bilen.

Føraren og to born i 10-12 årsalderen er sende Eid sjukehus for kontroll, opplyser politiet.

Ambulanse og politi rykka ut til staden då meldinga om ulukka kom like før 13:30. Saka vert vidare etterforska av Vågsøy lensmannskontor.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser