NRK Meny
Normal

Sjokkert over prisane

Reiseguru Jens A Riisnæs rettar krass kritikk mot høge kafèprisar for turistar.

Jens A. Riisnæs.
Foto: SCANPIX / Scanpix

Riisnæs har sjølv reist rundt heile verda gjennom reiseprogrammet "Ut i verden" i P2. Men prisane i heimlandet er han lite imponert over.

Misnøgde turistar

- Å påstå at fem dollar er ein flott pris for ein vaffel er det verste eg har høyrt. Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Dette gjer turistane misnøgde. I beste fall kjem dei tilbake i bubilane sine.

Etter at NRK ringde rundt til ulike serveringsstader i Sogn og Fjordane kom det fram at prisane på kafevarer varierer svært mykje. I Flåm kosta ein vaffel til dømes 29 kroner.

Eige departement

Riisnæs meiner problemet er den viktigaste politiske oppgåva i dag. Han ynskjer eit eige departement for reiseliv.

- Politikarane må handle raskt. Vi bør kutte alle avgifter som har med reiseliv å gjere. Reiseliv er i dag spredt i sju departementer. Mitt råd er å opprett eit eige departement, kalla distrikts -og reiselivsdepartementet. Det gjeld å berge Noreg si sjel.  

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå