Hopp til innhold

Sjokkert over at skuleungdom må lide for miljøsatsing

– Det er sjokkerande at regjeringa ikkje vil dekke utgiftene til elektriske ferjer og bussar slik at ein i staden må kutte tilbodet i dei vidaregåande skulane.

Marthe Teigen Refsnes

UFORSTÅELEG: Marthe Teigen Refsnes meiner det er uforståeleg at staten ikkje vil kompensere for meirutgiftene til fylkeskommunen.

Foto: Truls Kleiven

Dette seier Marthe Teigen Refsnes (17) frå Flora, leiar i Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane.

Vestland fylkeskommune kan få årlege ekstrautgifter på fleire hundre millionar kroner fordi dei har gått over til elektrisk drift av ferjer og bussar for å redusere CO₂-utsleppa.

Den nye elektriske ferja ligg klar for første påstiging

KOSTBART: Reiarlaga har brukt store summar på å kjøpe inn nye elektriske ferjer på Vestlandet. Ekstrakostnadene for ferjene fører til dyrare innkjøp av ferjetenester for fylkeskommunen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Fellesnemnda for nye Vestland legg opp til at opplæringssektoren må kutte 35 millionar kroner neste år for å dekke inn meirutgiftene. Året etter vil kutta truleg kome på det doble. Så langt har ikkje staten vore villig til å kompensere for meirutgiftene fylkeskommunen meiner dei får.

– Det å ta vare på miljøet er den aller viktigaste saka. Difor er det totalt uforståeleg at ikkje staten vil dekke desse utgiftene, seier Teigen Refsnes som også er aktiv i AUF.

Skyt på Regjeringa

Teigen Refsnes får støtte av Sigurd Reksnes, leiar i Vestland Senterparti.

– Vi blir stilte overfor eit umogleg dilemma. Skal vi satse på klima og miljø, eller skal vi satse på ungdom i vidaregåande skule? Vil regjeringa at vi skal gå tilbake til dieseldrivne ferjer for å ha råd til å drifte dei vidaregåande skulane på ein skikkeleg måte, spør han.

Sigurd Reksnes

KRITISK: Regjeringa skubbar ungdommar i vidaregåande skule føre seg og sviktar fullstendig, meiner Sigurd Reksnes, leiar i Vestland Senterparti.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Uærleg av Senterpartiet

Statssekretær i Klima og miljødepartementet, Atle Hamar (V), er svært provosert. Han skuldar Senterpartiet for uærleg argumentasjon.

– Utrekningar frå dei fremste ekspertane på området viser at kostnadene med å investere i elektriske ferjer er berre fem prosent høgare enn ferjer som går på diesel. Elles er kostnadene knytt til andre forhold som dei uansett må investere i ved nye ferjekjøp. 27 år gamle ferjer blir bytta ut med nye. Dette burde Senterpartiet vore ærlege om, seier Hamar.

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet

UÆRLEG: Senterpartiet framstår uærleg når dei hevdar elektrifisering av ferjedrifta i nye Vestland gjer at ein må kutte i tilbodet i vidaregåande skule, meiner Atle Hamar (V), statssekretær i Miljø – og klimadepartementet.

Foto: Snorre Tønset / Klima og miljødepartementet

Statssekretæren meiner det er heilt bak mål når Senterpartiet set elektriske ferjer opp mot vidaregåande skular.

– Å skubbe skuleungdom føre seg på denne måten er ikkje bra, seier han.

Slår tilbake

Sigurd Reksnes viser til at Vestland fylkeskommune tek eit stort klimaansvar. Frå 2020 blir mesteparten av ferjetrafikken elektrifisert, og i perioden 2019–2021 blir busstrafikken i Bergen gjennomført med elektriske bussar.

– Regjeringa sviktar og held veljarane med tom prat. Det er regjeringa som skubbar ungdomane føre seg. Det ser ikkje fint ut, seier Reksnes.

Fylkesdirektør for samferdsle i nye Vestland, Håkon Rasmussen, har følgjande forklaring på kvifor elektrifisering av ferjedrifta blir så kostbar for nye Vestland.

– Vi var først ute og har vore med å utvikle dei tekniske løysingane, noko som gjer at det har vorte ekstra kostbart for oss. Kanskje opp mot 200 millionar kroner ekstra i året, seier han.

Håper politikarane tek til fornuft

Marthe Teigen Refsnes håper politikarane greier å kome til semje, slik at ikkje ungdommane i vidaregåande skule blir skadelidande.

– Miljøsaker handlar om heile Noreg og heile verda. Politikarane må ta til fornuft og ta ansvar, seier ho.

Atle Hamar viser til at det statlege ENOVA har gjeve 270 millionar kroner til ladeutstyr på elferjer og elbussar i nye Vestland. Hordaland har også fått sin del av potten på 100 millionar kroner som er langt inn som kompensasjon til ferjefylka, påpeikar statssekretæren. Om Vestland vil få støtte ut over dette, kan ikkje Hamar love.