Hopp til innhold

Sjekk kven som stel mat frå småfuglane

Då det vart tomt på fuglebrettet fortare enn vanleg fatta Helge Aske mistanke om at det kanskje var fleire enn småfuglane som forsynte seg. Så tok han denne vesle rakkaren på fersken.

Ein lite ekorn er gjest på fuglebrettet saman med meisene.

AKROBAT: Det vesle ekornet viser fram sine akrobatiske kunstar der det heng tidvis etter ein bakfot for å forsyne seg av fuglebrettet. Video: Helge Aske.

– Plutseleg såg eg noko med pels borti treet, og då var det eit lite ekorn, fortel Helge Aske frå Sandane.

Han bur for tida på eit gardsbruk i Angedalen i Førde, og på tunet har han hengt opp ein liten fôringsstasjon for småfuglar i eit stort tre. Med jamne mellomrom har han fylt på med solsikkefrø, men på eit tidspunkt for nokre veker sidan merka han det gjekk med vel mykje.

Og ikkje lenge etter oppdaga han at det ikkje berre var blåmeis og kjøttmeis som kosa seg med maten han hadde hengt ut. Dinglande i eit bakbein såg Aske at eit ekorn også hadde funne ut at det var mat å få.

– Fuglane brydde seg ikkje noko særleg om han. Det såg ut til at det gjekk greitt å dele på maten, flirer Aske.

Ekorn stel mat frå småfuglane

SVOLTEN: Det vesle ekornet forsyner seg stadig frå fuglebrettet på tunet til Helge Aske i Angedalen.

Foto: Helge Aske

Då han delte videoen på Facebook var ein av kommentarane at det vesle ekornet truleg må ha seg ein tur til kiropraktor etter nokre timar i den spesielle arbeidsstillinga.

– Det er ganske moro å sjå på han, humrar Aske.

Han er van med å mate fuglar frå han var liten, og no har han fått nok eit dyr å mate på. Fleire gonger har han sett det vesle ekornet springe forbi ute på tunet, og i det siste har han sett fram ei lita skål med hasselnøtter.

– Han har tømt skåla to gonger, så han kosar seg nok heilt sikkert.

– Er det lenge sidan du har sett ekornet?

– Det er sikkert på trappa og hentar nøtter no. No som det veit at eg ikkje er der, flirer Aske.

Ekorn stel mat frå småfuglane

LURING: Ekornet tek seg av og til ei lita pause frå det som kan sjå ut til å vere ei utfordrande arbeidsstilling.

Foto: Helge Aske