Hopp til innhold

Her har revane blitt bestevener med sjåførane

Det er ikkje berre tobeinte som tuslar rundt på ferjekaia på Mannheller i Sogn om kveldane. Det ferjemannskapet trur er ein liten revefamilie har lagt sin elsk på nistematen til dei reisande.

Rev blir mata på ferjekaien på Mannheller

VERKAR TAMME: Yrkessjåfør Simon Vie er ein av dei som har delt nista si med revane på Mannheller. – Viss dei vil kan dei sikker leve gode og tjukke resten av livet på maten dei får av ferjepassasjerane, seier han.

Foto: Simon Vie

– Dei kjem fram i skumringa, og så tuslar dei rundt fram til dei er leie og velfødde, fortel styrmann Gunnar Nordgulen på «MF Sogn».

Styrmannen og mannskapet kryssar Sognefjorden på sambandet Mannheller-Fodnes, og har dei siste vekene fått selskap av ein liten familie av revar på Mannheller-sida.

– Vi kan jo ikkje seie noko sikkert, men vi trur det er snakk om to vaksne og to barn.

Tek opp «arven» etter Mannheller-reven

rev på Mannheller

MANNHELLER-REVEN: Den meir eller mindre tame raudreven som fekk tilnamnet Mannheller-reven vart avliva vinteren 2011 etter at den hadde fått skabb.

Foto: Kjell Grønli

Det har gått åtte år sidan NRK først skreiv om det som seinare vart ein mykje omtalt firbeint ferjepassasjer. «Mannheller-reven» var då blitt så heimekjær at han til og med drista seg til ein tur over fjorden og tilbake.

– Vi var sympatiske og han slapp å løyse billett, fortalde ein lattermild skipper Svein Fossmo til NRK i 2009.

Mange reisande fekk nærkontakt med reven, og Kjell Grønli frå Lærdal var blant dei som delte nistepakken sin med den meir eller mindre tame raudreven. Men i 2011 fekk den uredde og folkekjære reven skabb og vart avliva.

Rev på Mannheller ferjekai

FRISKE OG FINE: Dei som har fått nærkontakt med revane seier at dei ser friske og fine ut i pelsen og elles.

Foto: Simon Vie

– Har fått trafikkopplæring

Styrmann Gunnar Nordgulen hugsar godt Mannheller-reven. Han synst det er berre moro at dei på ny har fått raudrevar tett på.

Etter å ha observert revane dei siste vekene nektar han for at dei er til hinder for nokon. Som regel kjem dei fram berre ein og ein for å smiske til seg litt mat frå dei reisande.

– Det kan sjå ut til at dei har hatt litt trafikkopplæring før dei slepp ned på kaia, flirer Nordgulen.

Rev på Mannheller ferjekai

KJEM TETT PÅ: Revane på ferjekaien på Mannheller kjem tett på, og mange sjåførar har fått ein firbeint å dele nista si med. Då yrkessjåfør Kai Roger Gjelsvik delte fleire brødskiver med denne reven grov den ned litt av dei i rundkøyringa, og litt oppe på muren. – Det er vel kjekt å ha til vinteren, seier Gjelsvik.

Foto: Kai Roger Gjelsvik

– Dei kjem heilt bort

Blant mange yrkessjåførar har revane på Mannheller blitt ein snakkis. Yrkessjåfør Simon Vie frå Førde reiser med ferja over Sognefjorden fast annakvar veke, og han har fleire gonger fått nærkontakt med revane.

– Dei kjem heilt bort og et ut av handa. Men det er litt forskjellig, alt etter kor mett den er, og så har det sikkert noko med kven av dei det er, seier han.

Vie seier revane ser veldig friske og fine ut.

– Eg kjem frå gard og driv ein del med jakt, så eg veit jo eigentleg at det er tullete å gje dei mat. At dei skal klare seg sjølve. Men her er så mykje folk at dei får nok mat frå nokon uansett.

– Folk synst det er veldig kjekt med selskap når ein står der og ventar. Så det blir jo nesten som ein liten turistattraksjon, flirer Vie.