Statoil har skrive kontrakt med Gulen-bedrifta Wergeland Halsvik, trass i at regjeringa har utpeikt Sokndal i Rogaland til stad for slik deponering, seier informasjonssjef Harald Schjelderup i Statoil.
- Det har vore fleire alternativ, men vi hamna på Sløvåg fordi dei samla sett hadde den beste miljømessige, tekniske og økonomiske løysinga, seier han
Atterhald om garantiar
Rett nok tek Statoil eit atterhald om at styresmaktene godkjenner Sløvåg-alternativet og gir nødvendige garantiar, men innan oljebransjen blir det teke for gitt at det lågradioaktive avfallet frå oljeutvinninga i Nordsjøen hamnar i Gulen. For no er det bevist at dette er det klart beste alternativet når det gjeld pris.
Sokndal valt trass sterk lokal motstand
Trude Brosvik
I vinter jobba Gulen-ordførar Trude Brosvik aktivt for å overtyde dåverande olje og energiminister Einar Steensnæs om dette, etter at departementet hans valde Sokndal i Rogaland. Det skjedde trass i sterk lokal motstand mot deponi i Sokndal. I Gulen har det vore brei semje om å ta imot avfallet, som skal lagrast i underjordiske tunnelar. Og Statoil trur den første lasta kan vere på plass i Sløvåg om vel eitt år.
Varsam med sigersrus
Ordførar Trude Brosvik har saman med resten av Gulen kommunestyre arbeidd aktivt for at deponiet for lågradioaktivt avfall blir lagt til Sløvåg. Ho er glad for at Wergeland Halsvik no har vunne anbodskonkurransen, men ho er varsam med å innkassere nokon avgjerande siger i saka. - Det viser at argumenta Gulen kommune brukte var rette, og at Statens Strålevern og Regjeringa bygde på feil talstorleik då dei gav garanti til Sokndal, seier Brosvik.
For framleis har Sokndal i Rogaland eit forsprang når det gjeld tid. Alternativet i Sokndal er konsekvensutgreidd. Men også på dette feltet meiner Brosvik at Sløvåg og Gulen skal bortimot utlikna skilnaden. Og den 28. september kjem miljøvernminister og partikollega Knut Arild Hareide til Gulen, og då kjem han til å bli fôra med argument for deponering av lågradioaktivt avfall.