Gulen kommune har lenge kjempa for å få deponiet. I dag er 200 tonn av dette avfallet lagra mellombels på oljebasar langs norskekysten.
Kommunen har tidlegare krevd fem millionar kroner i ein eingongssum viss det skal leggast eit slikt deponi dit. I tillegg krev dei 40.000 kroner for kvart tonn avfall. Det betyr at deponiet vil gje dei minst 13 millionar kroner i inntekter.
Statens Strålevern krev ein statleg garanti før eit deponi vert teke i bruk. Regjeringa vil gje ein slik garanti under føresetnad av at det blir gjeve løyve til å byggje og drive deponiet.
Det er venta at eit deponi i Gulen kan stå ferdig om vel eit år.