Hopp til innhold

Sjåførar fryktar for liv og helse på grunn av manglande DAB-dekning

SVELGEN (NRK): Kvar femte yrkessjåfør seier manglande DAB-dekning har utgjort ein risiko for tryggleiken. Åtte av ti meiner radiodekninga er dårlegare no enn då FM-nettet framleis var i bruk.

MANGLANDE DEKNING: Yrkessjåfør Arild Naustdal er lei av at DAB-dekninga forsvinn i tunnelar.

MANGLANDE DEKNING: Yrkessjåfør Arild Naustdal har sett seg lei på at DAB-dekninga forsvinn når han køyrer i tunnelar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen

– Vi var klar over at mange yrkessjåførar opplever DAB-dekninga som mangelfull. Men at så mange også har opplevd trafikkfarlege situasjonar som dei meiner kan tilskrivast DAB var vi ikkje førebudde på, seier administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund (NLF), Geir A. Mo.

Geir Mo

OVERRASKA: Geir A. Mo i NLF fryktar farlege situasjonar kan oppstå som følge av manglande DAB-dekning.

Foto: Jon Terje Hellgren Hansen / NLF

I ei ny, landsomfattande undersøking blant medlemsbedriftene kjem det fram at mange yrkessjåførar framleis opplever store manglar i DAB-dekninga.

Åtte av ti opplever radiodekninga dårlegare no enn då FM-nettet var i bruk. Kvar femte oppgir å ha opplevd situasjonar der manglande DAB-dekning har utgjort ein tryggingsrisiko.

Meir enn 500 har svart på undersøkinga. I dei opne kommentarfelta er det særleg dekningsgraden i tunnelar som blir framheva som ein risiko.

  • «Måtte stå å vente på en meget rasfarlig streking på E-16 som ble stengt på grunn av ras. Meldinger som ble sendt over radio nådde ikke fram fordi
    tunnelene ikke var utbygd for DAB da FM ble slukket.»
  • «Stenging av E16 i forbindelse med ulykke. Den kom brått på, de som kom fra vest hadde fått det med som trafikkmelding. Vi andre hadde ikke dekning.»
  • «Fikk ikke inn vegmeldinger som jeg pleide og kom rundt en sving.. Der sto alt stille på grunn av en ulykke som jeg ikke hadde fått inn på DAB, men som jeg før fikk inn på FM.

Går glipp av meldingar

Yrkessjåfør Arild Naustdal er skuffa over dekninga.

– Det er veldig irriterande for dersom du skal høyre noko og så får du det ikkje med deg. Då endar det med at du søker eller køyrer fortare for å få dekning igjen. Det er ikkje bra det heller.

DAB-utstyr

SKUFFA: Åtte av ti yrkessjåførar opplever radiodekninga som dårlegare no enn då FM-nettet framleis var i bruk.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen

Han synest ikkje DAB-nettet vart så bra som førespegla.

– Eg får ofte ikkje inn trafikkmeldingar i tunnelar. Det blir heilt stilt, eg får ingenting inn. Eg er veldig avhengig av radiodekning heile tida for å få med meg dei viktigaste tinga, seier Naustdal.

– For dårleg montering

Sjef for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox, seier mange installerer utstyret på feil måte.

Petter Hox

DÅRLEG MONTERING: Sjef for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox, trur for mange yrkessjåførar monterer utstyret for dårleg.

Foto: NRK

– Her er det noko som ikke stemmer. Eg har reist over 50 000 kilometer for å teste dab-nettet – og det er gjort med heilt normalt utstyr. Eg trur ikkje antennene er montert riktig. Antenna bør vere ei piskantenne på ein lastebil, høgast mogleg på bilen.

Norges Lastebileier-Forbund er ikkje imponert over svaret.

– I herrens navn. Dei kan da ikkje innføre eit system i dette landet som er så vanskeleg at bilverkstadane eller fabrikkane greier å lage utstyret godt nok. Då får heller NRK sjølv gå ut på vegen og ettermontere utstyr, seier Geir A. Mo.

Hox viser til at meir enn 400 tunnelar så langt har fått DAB. Og at det er lagt inn DAB i alle tunnelar som har hatt FM tidlegare, samt alle nye tunnelar.

I tillegg viser eigne tekniske målingar betre DAB-dekning enn FM-dekning på vegnettet.