Hopp til innhold

Sjå kva dykkarane fann på sjøbotnen

FLORØ (NRK): Søndag var seks dykkarar frå Florø Froskemannsklubb på jakt etter søppel i Florevika. No planlegg dei fleire ryddeaksjonar.

Søndag 25. februar var dykkarar på jakt etter søppel i Florevika.

SØPPELJAKT: Bli med under vassflata i Florevika.

– Vi fann litt mindre søppel enn førre gong, men vi er godt nøgde.

Philip Dixon Sandberg er leiar i Florø Froskemannsklubb. Saman med fem andre dykkarar var han i dag på jakt etter søppel under vassflata i Florevika.

Philip Dixon Sandberg

FRIDYKKAR: Leiar i Florø Froskemannsklubb, Philip Dixon Sandberg, er fridykkar.

Foto: Fredrik Johan Helland

Aksjonen er ein del av eit landsomfattande prosjekt i regi av Norges Dykkeforbund.

Gamle synder

Aksjonen var retta mot området rundt den gamle Amtskaia og Meierikaia. Etter fangsten å dømme kan det virke til å ha vore mykje svinn av glasflaskene på meieriet i si tid. På havbotnen fann dei nemleg mange gamle flasker.

– Det meste av det vi plukkar opp er veldig gamalt. Det ser ut til at det har vore lite søppel som har blitt kasta akkurat her dei siste 15–20 åra, heldigvis, seier leiaren i froskemannsklubben.

Det betyr likevel ikkje at situasjonen er tilfredsstillande.

– I fjor sommar hadde vi ein aksjon på badestrendene på sørsida av byen. Der fann vi mykje søppel. Det låg lag på lag. Det var kjedeleg å finne.

Øver med å leite etter søppel

Med på aksjonen var Flora Røde Kors Hjelpekorps. Dei leita etter søppel med den nye undervassbåten sin, og fekk dermed øve på aksjon under vassflata.

– Vi er her for å hjelpe dykkarane. Dei plukkar søppel i posane og festar i taua, så dreg vi det opp, fortel fagleiar sjø, Espen Aldeholm Rysjedal.

For begge organisasjonane handlar det om å gjere ein innsats for miljøet.

– Vi er jo oppteken av å gjere det vi kan for miljøet, så når vi samstundes kan øve på å bruke undervassbåten så er det vinn-vinn, seier Aldeholm Rysjedal.

Undervassbåten til Røde Kors

NYTT UTSTYR: Med denne skal Røde Kors finne sakna personar under vassflata. Søndag øvde dei seg med å leite etter søppel.

Foto: Fredrik Johan Helland

Landsomfattande dugnad

Norges Dykkeforbund har for tredje året på rad fått midlar frå Sparebankstiftelsen DNB til ryddedugnaden. Pengane går til å kjøpe naudsynt utstyr som sekkar og tauverk. I tillegg får klubbane som veks i medlemmer og aktivitet ei ekstra påskjønning når året er omme.

Visepresident i NDF Lars Einar Hollund holder klyp

GENERALSEKRETÆR: Sølve Stubberud er generalsekretær i Norges Dykkeforbund

For dei handlar det om å ta vare på naturen kvar dei utøve eigen hobby.

– Vi er opptekne av å passe på naturen for vår del, samt for komande generasjonar, seier Stubberud.

På to år har dykkarar over heile landet henta opp 200 tonn søppel og 4000 teiner frå sjøen. Stubberud meiner likevel det er ein stor jobb som står att.

– Vi veit at 70 % av søppelet som er i sjøen hamnar på havbotnen. Då må ein legge ein større innsats i å gjere ryddeaksjonane her og, seier han.

Fortsett jakta

No planlegg dykkarane i Florø nye aksjonar.

– Målet er tre nye aksjonar før sommaren. Vi har framleis store delar av hamnebassenget att, fortel Dixon Sandberg.

Søppel i Florevika

DETTE FANN DEI: Sjå kva dykkarane fann under vassflata i Florevika.

Foto: PHILIP DIXON SANDBERG
Sjå kva dykkarane fann under vassflata i Florevika.