NRK Meny
Normal

Sjå havørna på glattisen

Gløym "Bambi på glattisen". Her har du havørna på glattisen.

Video nsps_upload_2009_2_5_19_42_32_133.jpg

Hobbyfotograf Svein Hjelmeset fekk foreviga landinga til denne havørna på isen utanfor Gimmestad i Gloppen.

- Det skjedde litt av kvart, ler Hjelmeset.

Kråke skremde ørna

To havørner, ei vaksen og ei litt mindre, var måndag ute og fekk luft under vingene då ting byrja å skje.

- Det kom ei kråke som den store havørna sikkert meinte var farleg nær den minste. Dei var om lag hundre meter frå kvarandre, men då kråka kom vart den vaksne skremd opp og tok ein sving, fortel Hjelmeset.

- Skjønte den fekk problem

- Eg tok opp kamera og sette det på biletserie for å få med meg landinga. Eg visste det var glatt og skjønte at havørna kunne få problem, seier han. Og problem fekk den.

Resultatet ser du i biletmontasjen over.

Havørna er etterkvart blitt vanleg i Gloppen. Hjelmeset kjenner til at to hekkeplassar, men reknar med at den også har ein eller to til.

- Konge med kongeørna

Hjelmeset er ofte ute og fotograferer i naturen. Mykje på grunn av elevverksemda "Natur, kultur og media EB" ved Gloppen ungdomsskule. Verksemda er inne i sitt femte år. Det er elevar i 8., 9. og 10. klasse som er med.

Havørn går inn for landing på glatt fjordis.

Havørn går inn for landing på glatt fjordis på Gimmestad i Gloppen.

Foto: Svein Hjelmeset

- Vi har passert 150 bilete no. Draumen er å sette opp eit webkamera og følgje kongeørna frå den byggjer reir til den får ungane på vingene, seier han.

Vil filme

Utfordringa er å finne ein sikker lokalitet der kongeørna er. Ei anna utfordring er å finansiere webkamera og eit prosjekt som truleg vil koste titusenvis av kroner.

- Andre alternativet er havørna, og så hønsehauken. Vi jaktar på sponsorar, seier han.

Fleire dyrehistorier

NRK har tidlegare fortald om Bambi som besøkte ein islagd Kjøsnesfjord , og om vennegjengen som vart hjelpelause vitne til ein hjort sin kamp mot fjæresteinane i Førdefjorden .

Har du tips og bilete/video til andre artige dyrehistorier? Tips oss

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.