Hopp til innhold

Sjå gallakonserten direkte i nett-TV

Laurdag kveld kan du nyte artistar frå heile verda. Om du ikkje får teke turen til Førdefestivalen, kan du likevel få med deg konserten.

Opningskonserten frå Førdefestivalen

DIREKTE I NETT-TV: Sjå gallakonserten frå kl 20:30 laurdag kveld.

Gallakonserten er den største konsertproduksjonen under årets festival i Førde. Det er ein konsert der festivalen viser fram det fremste av artistar frå den norske og internasjonale folkemusikk- og verdsmusikkscena.

Desse står på scena under konserten i Førdehuset frå kl 20:30:

  • La Porteña Tango Trio
  • Casuarina
  • Xabier Diaz & Adufeiras de Salitre
  • The Klezmatics
  • Elle Márjá Eira Trio
  • Fargana Qasimova
  • Mamadou Diabaté
  • Folk All-in Band
  • Konferansier: Annbjørg Lien.