NRK Meny
Normal

Sjå frelsesarméoffiseren danse gangnam style!

Løytnant og korpsleiar Tommy M. Høgset i Frelsesarméen i Måløy byr på seg sjølv for å få folk til å legge pengar i julegryta.

Sjå frelsesarméoffiseren danse gangnam style

DANSAR RUNDT GRYTA: Tommy M. Høgset i Frelsesarméen i Måløy har eit litt uvanleg stunt for å lokke folk til gryta.

Foto: Privat

På Facebook har han lagt ut ein video der han sjølv dansar gangnam style rundt julegryta i Gate 1 i Måløy.

– Det verserer ein video frå New York, der soldatar frå Frelsesarméen dansar. Og no har eg lege under hardt press ganske lenge med store forventningar om at eg skulle gjere det same. Og eg synest at vi ikkje kunne vere noko dårlegare her i Måløy.

Sjå videoen nedst i saka!

Dermed stilte han opp ved gryta og dansa og fekk filma det. Dansetrening hadde han frå heimbyen Åndalsnes, der han hadde stilt opp i ein lokal versjon av «Skal vi danse».

Tommy M. Høgset

DANSAR VED GRYTA: Løytnant Tommy M. Høgset.

Foto: privat

– Gud har skapt dansen

Og responsen har ikkje uteblitt.

– Det vibrerer i telefonen, og det tikkar inn meldingar. Vi har alt fått folk som vil vere grytevakter, og andre vil sende pengar. Så dette lovar bra, det. Dessverre er det slik at det er stort behov for pengane som kjem inn.

Og om det skulle vere nokon i det kristne miljøet som er kritiske til eit slikt stunt, så tek Høgset det med eit par lette dansesteg.

– Om det er slik så treng vi å rykke litt i det norske gravalvoret. Eg tenker at Gud har skapt dansen, og han er ein gledas gud, så dette likar han nok der oppe.

– Dans ikkje noko krav

På videoen Høgset har lagt ut er det lite som tyder på at dansen hans vekkjer oppsikt. Han får danse uforstyrra i einsam majestet – utan publikum i biletet.

– Det er typisk for vårt distrikt at gatene er tomme. Hadde eg gjort det på eit handlesenter hadde nok folk stimla saman, men her på gata i Måløy er det sjeldan forbipasserande. Det er nokre bilistar som bremsar og ser litt forundra på meg, men elles er det lite folk.

Men videoen har iallfall vekt oppsikt.

– No får vi håpe at fleire stiller opp som grytevakt, kanskje nokon er så sporty at dei tek ein dans, men det er sjølvsagt ikkje noko krav, seier Tommy M. Høgset.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.