Hopp til innhold

Sjå det digre vikingskipet ta form

NORDFJORDEID (NRK): No blir det største vikingskipet det er funne restar av gjenoppbygd på Nordfjordeid. Målet er at vikingtida skal lokke endå fleire turistar.

No blir verdas største vikingskip bygd på Nordfjordeid. Målet er at vikingtida skal lokke endå fleire turistar.

STORT SKIP: Kopien er Myklebustskipet er 30 meter lang og skal sjøsettast våren 2019.

– Det blir ei fantastisk oppleving, og vi gler oss til å formidle det som er funne frå vikingtida, seier Solveig Midtbø som er dagleg leiar ved opplevingssenteret Sagastad.

Tjære- og furulukta heng tung i rubbhallen på Nordfjordeid der det digre vikingskipet på 30 meter er i ferd med å ta form.

Det er ein kopi av Myklebustskipet, det største vikingskipet som det er funne restar av i Noreg. Skipet høyrde truleg til kong Audbjørn av Fjordane som fall i slaget ved Solskjel på Nordmøre rundt år 870.

Skipet blei brent opp saman med eigaren, men restane vart funne i ein gravhaug på Nordfjordeid på 1800-talet.

Erfarne båtbyggjarar

Jakob Helset

ERFAREN BÅTBYGGJAR: Jakob Helset frå Bjørkedalen i Møre og Romsdal er med på bygginga av skipet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Inne i hallen er båtbyggarar frå Bjørkedalen på Sunnmøre i full gang med å gjenskape skipet.

Kjølen og begge stamnane blei laga ferdig tidlegare i vinter. No er dei frakta hit, bolta i hop og heiste opp. Det ligg store stablar med ferdig skorne og høvla bord langs alle vegar og utstyr og maskinar er på plass.

Ein av veteranane er 80 år gamle Jakob Helset. Utstyrt med høyrselsvern, kjeledress og vernesko er han i full sving med bygginga. Eit så stort vikingskip har ikkje blitt bygd på Nordfjordeid på over 1000 år.

– Eg trur ikkje alle har vore klar over kor stor båten er. Det er mykje tungt arbeid, mykje tyngre enn vanleg. Eg har bygd mange vikingskip tidlegare, men ikkje så store, seier han.

Vikingskip på Nordfjordeid

MANGE I SVING: Båtbyggarar frå Bjørkedalen på Sunnmøre er no i full gang med å gjenskape Myklebustskipet, som er større enn både Gokstad- og Osebergskpet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Håper vikingtida lokkar turistar

Det 30 meter lange skipet skal vere ferdig til sjøsetting våren 2019. Bygging av sjølve opplevingssenteret Sagastad startar tidleg neste år.

Håpet er at Myklebustskipet skal bli ein ny stor attraksjon i Nordfjord. Tomt, visningsenteret, skipet og utstillingar vil koste til saman nesten 69 millionar kroner, ifølgje prospektet til stiftinga Sagastad.

Dagleg leiar Solveig Midtbø gler seg skipet og huset er ferdig bygd. Målet er at Sagastad og vikingskipet skal lokke folk til Nordfjord som allereie kan by på fjordar og brear.

– Dette vil fylle ut dei attraksjonane som er i området og vi håper dette vil vekkje stor interesse både nasjonalt og internasjonalt.

Sagastad-bygget frå landsida
Foto: Eid Industrihus KF