Hopp til innhold

Sjå bileta frå første del av Malakoff

Årets første halvdel av Malakoff er unnagjort, og med unntak av eit par utfordringar har det gått strålande, melder arrangørane.

Malakoff 2015
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er fantastisk som alltid. Kvart år kjenner vi at det blir betre og betre, og det kjenner vi i år også. Det er fleire camparar enn nokon gong. Det er flott vêr og skikkeleg gode liveband som har vore her, seier presseansvarleg Mats Andersson til NRK seint fredag kveld.

Er du på Malakoff? Merk gjerne bileta din med #nrksf. Du kan også følgje oss på Instagram - @nrksf

Fekk gitar i hovudet

Mats Andersson presseansvarleg Malakoff

KOSAR SEG: Presseansvarleg for Malakoff, Mats Andersson.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Han fortel at alt så langt har gått på stell og at folk smiler og har det kjekt. Eitt par mindre utfordringar har det likevel vore.

– Når det plutseleg kom hundre mann på scena under Honningbarna var det litt kaotisk å få dei ned. Og så var det ein som fekk ein gitar i hovudet. Han måtte få litt stell av Røde Kors, men utanom det har eg ikkje høyrt eller sett noko, seier Andersson.

Politiet fekk likevel litt å gjere. Blant anna vart to menn vart tekne for bruk av narkotika og ei kvinne måtte sendast til sjukehus då ho var overstadig rusa.

10 000 på festivalområdet fredag

Trass i dette er arrangørane godt nøgde med festivalen så langt.

– Det er kjekt å sjå at vi greier å handtere så mykje folk på ein god måte, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Kring 10 000 publikummarar var innom festivalen fredag. Festivalcampen har i år fleire telt enn nokon gong, men likevel gjekk det bra å få unna køen på mindre enn ein time då dørene opna fredag ettermiddag. Billettane er endå ikkje heilt utselde, og arrangørane har no lagt ut fleire laurdagspass.

Laurdag kveld blir avslutta med danske Mew på hovudscena.