Hopp til innhold

Gjennopplev NRK SommarLutt på Malakoff

NORDFJORDEID (NRK): Det var stor stemning både på og framfor scena då NRK SommarLutt inviterte til fest på Malakoff i dag.

Det var stor stemning både på og framfor scena då NRK Sommarlutt inviterte til fest på Malakoff fredag.

GOD STEMNING: Fredag inviterte NRK til SommarLutt på Nordfjordeid. No kan du nyte heile konserten i opptak.

I dag fekk lokale artistar nok ein gong vise kva dei har å by på frå ei Lutt-scene.

Dette er nemleg tredje fredagen på rad at NRK har arrangert konsert på festivalar i fylket. Førre helg var det NRK CountryLutt frå Norsk Country Treff og helga før kunne du oppleve NRK FolkeLutt frå Førdefestivalen.

Jørn m/Trollebø
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

I dag var det duka for Sommarlutt på Malakoff og publikum fekk sjå artistar som Comet Kid, Svelekameratane, Jørn Trollebø Kvalheim m/band, Drusar, Sofia Hyttedalen og Aleks Grey i aksjon på scena.

– Det er litt av eit program vi byr på. Veldig mange spennande band med høg kvalitet, seier programleiar Stian Sjursen Takle.

Konserten vart sendt direkte frå parken utanfor Sparebanken Vest på Nordfjordeid. I tillegg kunne du høyre den direkte på radio og i nett-tv på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

Her kan du sjå korleis Malakoff-festivalen tek seg ut i fugleperspektiv. (Video: Joar Ødegård/Himmelhøgt

FUGLEPERSPEKTIV: Her kan du sjå korleis Malakoff-festivalen tek seg ut frå lufta. (Video: Joar Ødegård/Himmelhøgt)