Hopp til innhold

To tekne for narkotika på Malakoff

To menn er så langt tekne for bruk av narkotika på Malakoff på Nordfjordeid.

Politi på Malakoff 2015

I ARBEID: Politiet fekk litt forskjellig å henge fingrane i på Malakoff på Eid fredag kved og natt til laurdag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ein av dei vart tekne fredag kveld, medan den andre blir politimeld etter å ha røykt hasj inne på området natt til laurdag.

Politiet fekk også anna å gjere på og rundt festivalområdet. Ei kvinne i 20-åra vart sendt til sjukehuset på Eid fordi ho var overstadig rusa.

Ordensuro og rus

Samstundes er ein mann i slutten av tenåra politimeld for å ha knust ei bilrute. Vedkommande vart køyrd heim.

Ein overstadig rusa mann i 20-åra vart vist vekk frå festivalområdet og vil bli politimeld for ordensuro.

Ein annan mann i slutten av tenåra er mistenkt for køyring i rusa tilstand på Nordfjordeid i natt. Det vart teke blodprøve av mannen og førarkortet er kverrsett.

Slagsmål

Politiet hadde ikkje berre oppdrag på Nordfjordeid.

I Sogndal hadde tre menn barka saman i parken i sentrum, men slagsmålet var allereie stogga då politiet kom til staden.

I Dale i Fjaler vart ein overstadig rusa mann pågripen på puben og sett i arrest. Politiet har oppretta sak på mannen.