NRK Meny
Normal

Slik laga dei Moldestad-konsert på operagarden

Torsdag fekk 118 publikummarar oppleve Sigrid Moldestad på nært hald. Påskeaftan kan du få med deg konserten - frå di eiga stove.

Torsdag 12.februar samla 118 personar seg på Åmot Operagard for å høyre på Sigrid Moldestad. Dette skal det bli TV-konsert av. Bli med i timane før og etter konserten for å sjå korleis eit slikt program vert til.

– Då vert det sendt eit opptak på 44 minutt frå konserten hennar på Åmot Operagard på NRK1 i beste sendetid, seier prosjektleiar i NRK, Stian Sjursen Takle.

Eit mannskap på 14 frå NRK var på plass då Moldestad heldt konsert i den gamle låven på operagarden i Gaular. Kulissane var ikkje tilfeldig valt.

– Vi hadde lyst til å lage ein intimkonsert, og leitte etter eit lokale med sjel. Samtidig måtte det liggje på reiseruta til Moldestad, som er på turné, seier Takle.

Han peikar på at Moldestad er ein svært god formidlar, og nettopp kontakten med publikum var viktig å få dokumentert.

– Vi hadde gjort jobben lettare for oss sjølve i ein stor konsertsal, for det er krevjande å filme i eit så lite lokale. Men vi er godt nøgde med resultatet, seier Takle.

Kjenner på store forventingar

Nordfjordjenta frå Breim spelte eit knippe av sine av sine beste låtar og skapte god stemning på låven. Takle håpar TV-publikummet vil ta godt i mot programmet.

– Det er kjekt, men litt skummelt også. Det ligg forventingar til at vi skal levere godt. Og dette blir noko heilt anna enn det vi har gjort før, seier Takle.

Julaftan kunne TV-sjåarar i heile landet ta del i den store julekonserten som NRK arrangerte og filma i kulturhuset i Sogndal.

Blir sendt i beste sendetid

– Vi har fått gode tilbakemeldingar på det vi har gjort, og får stadig nye bestillingar, så det er kjekt. Dessutan har vi fått veldig god sendetid, og det er eit prov på at vi lagar gode program, seier Takle.

NRK stilte med mannskap både frå distriktskontoret i Sogn og Fjordane og i Hordaland.

– Vi filma med sju kamera, så dette er vel kanskje den største produksjonen vi har laga. Det er kjekt at det ikkje berre er dei store kontora som får vere med å lage slike program, seier Takle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser