SISTE: Kvinna har kome til rette i god behald

Leiteaksjonen i Førde er avslutta.

Leiteaksjon i Førde

BRUKTE HELIKOPTER: Ambulansehelikopteret frå Helse Førde flaug lågt over Førde sentrum i går kveld i leitinga etter ei sakna kvinne. Kvinna er no funnen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Kvinna som har vore sakna i Førde sidan torsdag er funne i god behald, melder politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Det har vore ein omfattande leiteaksjon etter kvinna, og etter planen skulle nye leitemannskap ut no klokka ni.

Ho forsvann frå bustaden sin i 15-tida onsdag, og det var sambuaren som melde henne sakna til politiet.