Hopp til innhold

Siste dag for fengselspresten

VIK (NRK): Fengselsprest Olav Martin Hove har betydd mykje for fangane i Vik fengsel dei siste ti åra. Fredag hadde han sin siste arbeidsdag.

Fengselsprest Olav Martin Hove i Vik

ALLE HAR NOKO GODT I SEG: Olav Martin Hove si erfaring etter å ha vore prest for fangane ved Vik fengsel, er at vi menneske er ganske like.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg kjenner på at eg ikkje har det overskotet som skal til for å stå i ein slik stilling. Det er vemodig, men også litt godt å skulle bli pensjonist, seier Olav Martin Hove.

Hove var prest lenge før han byrja å jobbe i fengselet, men tiåret bak murane vart det siste oppdraget i prestegjerninga hans. Han må innrømme at det ikkje berre har vore ein enkel jobb.

– Du må i alle fall ha evne og tolmod til å lytte til folk som har streva med livet. Samstundes er det gjevande å oppleve at ein kan bety noko for nokon, seier den pensjonerte fengselspresten.

Med 39 soningsplassar er Vik fengsel eit av dei mindre fengsla i landet, og dei tilsette kjem tett på dei innsette. Kanskje tettare enn i eit stort fengsel med hundrevis av fangar.

Vik fengsel

VERNA: Den eldste delen ved Vik fengsel er frå 1800-talet og er verna av Riksantikvaren.

Foto: Nyhetsspiller

Vil ikkje vite kva dei sonar for

Her sit det folk som har køyrt bil med høg promille, smugla narkotika, eller andre lovbrot som ikkje har dei aller høgaste strafferåmene. Fengselsprest Hove er likevel mest oppteken av å bli kjend med menneska han møter, og ikkje dommane deira.

Olav Martin Hove og Gry Nesse

OMTYKT: Fengselsprest Olav Martin Hove får avskilsklem av kollega Gry Nesse.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– For meg har det vore eit stort poeng at eg ikkje har lyst til å vite kva nokon sit inne for den første gongen eg møter dei. Eg vil bli kjent med dei som menneske, og ikkje som fengselsfangar.

Trua på at alle menneske har eit verd har vore grunnleggjande for Hove. Alle folk har noko godt i seg, meiner fengselspresten.

– Mi erfaring etter å ha hatt denne jobben, er at vi menneske er ganske like. Inst inne er vi ikkje så forskjellige.

Vik fengsel er mellom fengsla som får fleire soningsplassar

SMÅ FORHOLD: Vik fengsel er eitt av dei minst i landet. Her ser du hus og sauebeitene tett innpå anstalten.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ikkje berre kristne

I løpet av dei ti åra som fengselsprest har Hove kome i kontakt med folk frå fleire ulike trusretningar. Sjølv om han står i kristendommen, arbeider han med mange fangar som ikkje er kristne.

– Det er spesielt mange muslimar. Også dei vil gå til ein prest, for dei har respekt for meg som representant for det heilage. Eg har aldri hatt noko problem med det.

Uansett kva bakgrunn folk har, går det an å nå fram til dei, er erfaringa til Hove:

– Dei som er tøffe på utsida, kan vere små og sårbare på innsida. Dei har gjerne eit dårleg sjølvbilete. Når du kjem tett innpå folk, ser du menneska i dei uansett kva dei har gjort, eller kven dei er.

Fengselssjef Roy Egil Stadheim takkar av fengselsprest Olav Martin Hove

EIN GODT LIKT PREST: Fengselssjef Roy Egil Stadheim takka av fengselsprest Olav Martin Hove fredag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Nokre treng lang tid på å opne seg opp

Men å koma nær ein brotsmann kjem ikkje av seg sjølv.

– Å jobbe som fengselsprest krev at du er tett på fangane over tid. Du må gå her i fengselet og bli kjent med dei. Nokre treng lang tid før dei opnar seg opp, og slepp meg tett innpå.

– Han har vore ein fantastisk prest

Fengselssjef Rog Egil Stadheim må vedgå at det var tungt å seie farvel til den omtykte fengselspresten på fredag.

– Olav Martin har vore ein fantastisk fengselsprest, så dette er ein vemodig dag. Ikkje minst er det vemodig for dei innsette, for dei har sett stor pris på han.

Stadheim meiner at presten har hatt ei evne til å kome innpå folk, som kanskje ikkje er mogleg for dei andre tilsette.

– Det er jo mange ulike typar folk her, og Olav Martin har klart å kome inn på mange av dei på ein måte som det ikkje går an å gjere når du går med blå skjorte slik som meg, seier Stadheim.

Når Olav Martin Hove no blir pensjonist, kan han sjå attende på ei 40 år lang teneste som prest. Han byrja som feltprest ved Hysnes fort i Rissa kommune i 1977, og har mellom anna vore mange år sokneprest i Aurland og Vik.