NRK Meny
Normal

SIMAS tek over boshentinga i Sogn

Bosproblema i Sogn har fått ei løysing. Dermed blir det boshenting att frå fredag.

Simas

GLAD FOR LØYSING: Direktør Hallvard Thomassen i SIMAS.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap (SIMAS) har no inngått ein avtale med bustyret i RenoNorden-konkursen. Avtalen betyr at SIMAS tek over ansvaret for både dei tilsette og for køyring av renovasjonsrutene.

Tidlegare i dag gjekk SIMAS ut og kunngjorde at boset ikkje vart henta torsdag fordi dei ikkje hadde fått til avtale med konkursbuet. Det gjeld henting av avfall i Sogndal, Luster og Balestrand.

Desse rutene blir køyrde fredag i tillegg til den ordinære fredagsruta. Dette betyr at dei som ikkje fekk tømt dunken torsdag må la den stå eller sette den ut att.

– Vi er svært glade for at det vart ei løysing på ein rask og god måte, slik at kundane ikkje vart råka av dette. Vi håpar dette blir ei bra løysing, seier direktør i SIMAS IKS, Hallvard Thomassen.

Kan bli permanent

Alle dei tilsette som køyrde for Reno Norden i området til SIMAS blir no overførde til SIMAS.

– Avtalen vi har fått til betyr ikkje at det blir ekstra kostnader for SIMAS og for abonnentane, seier Thomassen.

No skal styret i SIMAS i nær framtid ta stilling til om selskapet skal ta over henting av avfall frå hushaldningane på permanent basis.

– Det som har skjedd med konkursen i RenoNorden gjer at dette kjem høgt på dagsorden, seier Thomassen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.