Hopp til innhold

Hentar ikkje bos i Sogn fram mot helga

Konkursen av RenoNorden fører no til at bosset i området til SIMAS ikkje blir henta.

RenoNorden

FLEIRE KOMMUNAR I TRØBBEL: På måndag slo renovasjonsselskapet RenoNorden seg sjølv konkurs. Sidan då har kommunar over heile landet jobba på spreng for å unngå kaos.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

– Vi har fått beskjed frå nokre sjåførar om at dei ikkje skal hente avfall i Sogndal, Luster og Balestrand i dag. Det er ikkje grunn til å sette ut dunken her. Det er leit, seier Hallvard Thommassen, som er direktør for Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap (SIMAS).

Konkursbuet vil ikkje hente avfall i regionen til SIMAS. Avfallsselskapet i Sogn har jobba med å avklare korleis ein skal løyse utfordringane etter konkursen i renovasjonsselskapet. SIMAS har ikkje kome til semje med bustyret om å ta over både bilar og tilsette hos RenoNorden.

– Konkursbuet har presentert ein avtale som vi ikkje kan skrive under på. Vi har kontakta advokat for å ta dette vidare, seier Thomassen.

Hallvard Thomassen

– TRIST: Direktør Hallvard Thomassen i SIMAS.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Mange frykta for kva som ville skje med boset til folk etter at det vart kjent at RenoNorden har slege seg sjølv konkurs. Konkursen kan råke henting av bos i fleire kommunar i Sogn etter kvart.

– Det vil ikkje bli henta avfall på rutene som går i dag, torsdag, og fredag. Dette beklagar vi på det sterkaste. Vi jobbar hardt for at ulempene vert minst mogleg, men kan ikkje garantere kva løysing som kjem på bordet, skriv SIMAS i ei pressemelding.

Framleis henting i Sunnfjord og Nordfjord

Hjå Sunnfjord Miljøverk og NOMIL får NRK opplyst at der blir bosset henta fram til og med 28. september.