Hopp til innhold

Siste: Mann fengsla for å ha krenka barn seksuelt

Ein mann i 40-åra er pågripen og sikta for å ha lagra overgrepsmateriell og for å ha krenka born seksuelt.

Mac
Foto: lastquest / Daniele Pieroni

Det stadfestar Vest politidistrikt.

Mannen er busett i Sogn og Fjordane og den seksuelt krenkande åtferda skal ha gått føre seg over internett.

Politiet opplyser at dei etterforskar saka breitt og undersøkjer om det fleire fornærma.

– Vi har beslagt datamateriale, og vi har starta gjennomgang av dette. Dette arbeidet er ikkje ferdig og vil halde fram i tida framover, seier påtaleansvarlig i saken, Kristine Knutsen-Berge.

Ber om forståing

Mannen blei i november varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Politiet meiner det er fare for at han vil øydelegge bevis i saka om han blir lauslaten.

– Politiet er tidleg i etterforskninga, og det er av stor betydning for oss å få sikra sentrale personar si forklaring før dei blir kjende med innhaldet i saka frå media eller andre. Vi ber difor om forståing for at vi på det noverande tidspunkt ikkje kan gå ut med fleire opplysningar om saka, seier Knutsen-Berge.